Rikard Berge: Forskjell mellom sideversjoner

Ingen redigeringsforklaring
Linje 12: Linje 12:
Rikard Berge vaks opp hos morfaren [[Rikard A. Berge (1815–1902)|Rikard A. Berge]] (1815–1902), som han hadde namnet sitt etter. Etter å ha teke lærarprøva var han skulemeister ei tid. Sjølv om han ikkje tok [[examen artium]] følgde han førelesingar hos [[Moltke Moe]] på [[Universitetet i Oslo|Det Kgl. Frederiks Universitet]] i [[Oslo|Kristiania]]. Han var òg i [[København]] og fekk råd frå Axel Olrik.  

I 1908 gifta han seg med Johanna Bugge. Faren hennar, professor [[Sophus Bugge]], døydde året før. Berge fekk då tilgang til oppskriftene etter Bugge, mellom anna kring 1200 balladeoppskrifter. Berge og kona kom i konflikt med universitetet om retten til desse manuskripta. Universitetet meinte å ha rett på dei, medan ervingane meinte at det var deira eigedom. Berge tapte i retten. I åre som følgde var det strid mellom Berge på den eine sida, og først [[Molke Moe]] og så [[Knut Liestøl]] på den andre. Liestøl skipa i 1914 [[Norsk folkeminnesamling]], og var tilhengar av eit sentralinstitutt for folkeminne for heile landet. Berge var ueinig, og ville ha samlingar på musea rundt i landet, og eit samarbeid mellom lokale einingar og eit sentralt organ. Særleg i artikkelen «Decentralisation» frå 1920 var Berge kvass i ordbruken i denne strida.  
I 1908 gifta han seg med Johanna Bugge. Faren hennar, professor [[Sophus Bugge]], døydde året før. Berge fekk då tilgang til oppskriftene etter Bugge, mellom anna kring 1200 balladeoppskrifter. Berge og kona kom i konflikt med universitetet om retten til desse manuskripta. Universitetet meinte å ha rett på dei, medan ervingane meinte at det var deira eigedom. Berge tapte i retten. I åre som følgde var det strid mellom Berge på den eine sida, og først [[Moltke Moe]] og så [[Knut Liestøl]] på den andre. Liestøl skipa i 1914 [[Norsk folkeminnesamling]], og var tilhengar av eit sentralinstitutt for folkeminne for heile landet. Berge var ueinig, og ville ha samlingar på musea rundt i landet, og eit samarbeid mellom lokale einingar og eit sentralt organ. Særleg i artikkelen «Decentralisation» frå 1920 var Berge kvass i ordbruken i denne strida.  

Berge omsette sine haldningar til praksis ved å vere ein føregangsmann i det lokale museumsarbeidet. I 1907 var han med på å skipe [[Kviteseid bygdemuseum]], og i 1909 [[Fyresdal bygdemuseum]]. Han gav også ut to tidsskrift: ''[[Norsk Folkekultur]]'' og ''[[Aarsskrift for Historielaget for Telemark og Grenland]]''. I ''Norsk Folkekultur'' samarbeida han med [[Kristoffer Visted]]. Dei var ikkje einige i alt, og både to kunne vere kvasse i stilen, men dei fann felles grunn. Arbeidet med å skrive ned folketradisjonar byrja han tidleg med. Allereie som tolvåring gjekk han rundt i Rauland og noterte, og seinare var han rundt det meste av Telemark utanom [[Grenland]]. Han var òg mellom anna i [[Suldal]] og [[Hallingdal]]. Det vart til slutt meir enn 40 000 A5-sider med oppskrifter. Det kom mange bøker ut av materialet, med ''Norske visefnugg'' frå 1904 som den fyrste. Han skreiv om det meste av folkekultur, frå heilage steinar til viser og stev. Kring 1908 fekk han seg ein [[fonograf]], og han var den fyrste i Noreg som gjorde opptak av kvedarar og spelemenn. Han var òg ein god kvedar sjølv, og frå mora og syskena hennar kom kring hundre folketonar og femti hardingfeleslåttar.