Sælidvegen (Seljord)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sælidvegen i Langlim med nr. 11, Haugan.
Foto: Roy Olsen (2021).

Sælidvegen går frå Langlimvegen på Haugan i grenda Langlim i Seljord kommune til Gullnes i Sundsbarmvatnet og er 10,9 kilometer lang. Det var Sundsbarm kraftverk som anla vegen på 1960-talet i samband med Sundsbarmvatnets anlegg.

Vegen har namn etter garden Sæli, gnr. 108/1 og vart namnsett i 2005.

Garden Sæli var pr. år 2000 på 35 daa jord, 3754 daa skog og 4 419 daa fjellområde. Det blir drive skogbruk. I tunet står stogebygning, eldhus og stabbur, alle frå kring 1750. Stoga vart påbygd kring 1920. Låve med fjøs er frå kring 1850. Stølane Furustaul og Søyleset høyrer til garden. Under garden låg plassen Sælidøy.

Vestre Sælid, gnr. 108/2 blei delt frå garden i 1881, men dei to bruka er slegne saman att. På bnr. 2 står ei stoge frå 1880, eit bur frå 1880 og ei hytte frå 1930-åra.

Ved Gullnes låg Gullnes gruver. I dag ligg gruvene delvis under vatn ettersom Sundsbarmvatnet er demt opp.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Norske gardsbruk, Telemark III, Foyn forlag 2002.
  • Flatin, Tov: Seljord III. Seljord kommune 1954.
  • Veglaget for vegen Sanden-Manndal, «Millionvegen»: Høyringsuttale til revisjon av konsesjonen for Sundsbarm kraftverk i Seljord kommune". PDF 2016.


Koordinater: 59.58358° N 8.37405° Ø