Sigmund Løvåsen: Forskjell mellom sideversjoner
m (Teksterstatting – «[[Kategori:Oppegård» til «[[Kategori:Oppegård (tidligere kommune)») |
|||
Linje 31: | Linje 31: | ||
[[kategori:Trysil kommune]] | [[kategori:Trysil kommune]] | ||
[[Kategori:Nordre Follo kommune]] | [[Kategori:Nordre Follo kommune]] | ||
[[Kategori:Oppegård]] | [[Kategori:Oppegård (tidligere kommune)]] | ||
[[kategori:Svartskog]] | [[kategori:Svartskog]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1977]] | [[Kategori:Fødsler i 1977]] | ||
{{nn}} | {{nn}} |
Nåværende revisjon fra 2. jul. 2021 kl. 07:07
Sigmund Løvåsen (fødd 16. august 1977 i Trysil) er forfattar. Han fekk fleire priser for debutromanen Nyryddinga fra 2003, og har òg fått god kritikk for seinare romanar, skodespel og dikt.
Han tok Forfattarstudiet i Bø, eit eittårig høgskolekurs i skjønnlitterær skriving, og har òg studert ved Universitetet i Oslo og Gøteborgs universitet. Han mottok både Tarjei Vesaas' debutantpris og P2-lytternes romanpris for 2003 for romanen Nyrryddinga. I 2005 fekk han Sigmund Skard-stipendet, og i 2010 Bjørnsonstipendet.
Ved sida av ¨å vere forfattar er Løvåsen engasjert i registrering og vedlikehald av kulturlandskapet på heimstaden Svartskog i Oppegård kommune. Kulturlandskapet er eit viktig element i forfattarskapet, noko som ikkje minst er tydeleg i diktsamlinga Med øksene dei hauster inn fra 2018, der både Svartskog og Trysil er til stades i tekstane.
Skodespelet Daga kom ut i 2004, og blei same året oppført på Hedmark Teater.
Frå 2012 til 2017 var han leiar for Den norske Forfatterforening.
Bibliografi
- Nyryddinga : roman. 2003. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Daga : skodespel. 2004. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Brakk : roman. 2006. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Vente på fugl : skodespel. 2008.
- Mamsell Iversen : roman. 2009. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Vid din sida : om kjærleiken når minnet forsvinn. 2011. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Med øksene dei haustar inn : dikt. 2018.
- Kjell Aukrust - en biografi, Cappelen Damm, Oslo 2020, ISBN 978-82-02664-42-8
Litteratur og kjelder
- Sigmund Løvåsen på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Sigmund Løvåsen, forfattarprofil hjå Samlaget.
- Opplysningar frå foredrag av Sigmund Løvåsen på konferansen «Sted, fiksjon og historie», Nasjonalbiblioteket 6. juni 2019.