Signe Hovet

Sideversjon per 10. mai 2016 kl. 05:51 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Lenkje)

Signe Olsdotter Hovet (fødd 6. februar 1916 på Hovet i Hylestad) er dotter til Olav Hansson Hovet (1866–1932) og Gyrid Jonsdotter Bjørgum (1872–1968). Ho vart døypt av prest Tønnesen i Hylestad kyrkje 12. mars 1916, og konfirmera av prest Brun 19. april 1931 same staden.

Signe Hovet og ordførar Steinar Kyrvestad
Foto: Ole Birger Lien/Setesdølen (6. februar 2016).

Ho er yngst i ein syskjenflokk på 11, der eldstemann Hans (1896–1896) døde som born. Sjølv vart ho aldrig gipt, og bur i 2016 på bygdeheimen i Valle. Ho arbeidde mellom anna som sjukepleiar både i USA og i Noreg, og det er i denne sektoren ho arbeidde mesteparten av tida. På hundreårsdagen hennar, 6. februar 2016, kom ordføraren i Valle kommune med telegram frå kong Harald V.

Kjelder