Signe Hovet

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. jun. 2017 kl. 18:11 av Siri J (samtale | bidrag) (puss)
Hopp til navigering Hopp til søk
Signe Hovet og ordførar Steinar Kyrvestad
Foto: Ole Birger Lien/Setesdølen (6. februar 2016).

Signe Olsdotter Hovet (fødd 6. februar 1916 på Hovet i Hylestad, død 8. mai 2017 i Valle) er dotter til Olav Hansson Hovet (1866–1932) og Gyrid Jonsdotter Bjørgum (1872–1968). Ho vart døypt av prest Tønnesen i Hylestad kyrkje 12. mars 1916, og konfirmera av prest Brun 19. april 1931 same staden.

Ho er yngst i ein syskjenflokk på 11, der eldstemann Hans (1896–1896) døde som born. Sjølv vart ho aldrig gift, og bur i 2016 på bygdeheimen i Valle. Ho arbeidde mellom anna som sjukepleiar både i USA og i Noreg, og det er i denne sektoren ho arbeidde mesteparten av tida. På hundreårsdagen hennar i 2016 kom Steinar Kyrvestad, ordførar i Valle kommune, med telegram frå kong Harald V.

Kjelder