Skotte & Co. AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. sep. 2017 kl. 11:06 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Skotte & Co. AS var ein produsent av syklar i Sykkylven. Det var hausten 1937 at Gunnar Skotte etablerte Sykkylven Sportsforretning og byrja å levere syklar under eige, registrert varemerke, Trollsteg. Syklane vart bygde av delar som vart importerte frå England og Tyskland eller kjøpte hos norske fabrikkar.

Mange av syklane vart selde i Sykkylven, men storparten vart selde gjennom agentar i andre distrikt, frå Møre og Romsdal og nordover. Den årlege produksjonen og omsetninga var mellom 100 og 200 syklar. I ei salsbrosjyre som firmaet fekk laga vart 11 sykkelmodellar presenterte. Her var ballongsykkel, turistmodellar, spesialracer og fleire sykkelvariantar. "Lang veg vert stutt med Trollsteg," heitte det i brosjyra til Sykkylven Sportsforretning. På reparasjonsverkstaden hadde eit par mann fullt arbeid med overhaling og lakkering av gamle syklar. Firmaet stod også for import av motorsyklar.

Verksemda heldt først til på Aure-kaia, i lokala til Vestlandske Stol- og Møbelfabrikk, men flytta i 1939 til eigne lokale ved Bedehuset. I 1944 vart firmanamnet endra til Skotte & Co. AS, og far til innehavaren, Edvard Skotte, gjekk inn som medeigar og disponent etter 24 års teneste som styrar for L/L Sykkylven Handelslag. Også broren, Reidar Skotte, kom med i firmaet.

Eit par år under krigen vart det produsert torgvesker (berenett) av papirstrie. Fleire kvinner i nabolaget tok på seg ein del av arbeidet som leigesaum, og så var det medlemer av Skotte-familien som ordna resten. Seinare vart det også sett i gang produksjon av polstra sykkelsetetrekk av møbelstoff. Olivia Skotte hadde hovudansvaret for dette arbeidet.

Etter som åra gjekk vart det lagt større vekt på butikkdrift enn produksjon, og vareutvalet vart utvida med jarnvarer og elektriske artiklar.

Firmaet vart oppløyst i 1967 då Edvard Skotte fylte 75 år og Gunnar og Reidar Skotte hadde gått over til undervisning.


Kjelde