Skulehistorie i Bremanger: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 61: Linje 61:
Dei andre gjekk ut på skulevegen og heim. Søster mi og eg gjekk oppatt  trappa og inn på kjøkkenet der mor venta med middagen."
Dei andre gjekk ut på skulevegen og heim. Søster mi og eg gjekk oppatt  trappa og inn på kjøkkenet der mor venta med middagen."


Gerd Kleiven fortel òg om eit besøk på skulen i Smørhamn, [[Øyane krins]]
Gerd Kleiven fortel òg om eit besøk på skulen til søskenbarna i Smørhamn, [[Øyene krins]], då ho var 5-6 år: "Ein dag var eg så heldig at eg fekk bli med syskenbarna mine på skulen som då låg i Smørhamn i Øyane krins. Det var slik at på grunn av fåe elevar, blei alle  frå 1. til 7. årskull samla. Det var skule i to veker og to veker fri gjennom skuleåret. Lærarinna hadde også undervisning i småskulen i Midtgulen dei to andre vekene. Er blitt fortalt at ho heiter Karen Eliassen, var 19 år den gangen frå Bergen. Er nå over 90 år. [...]  
I robåten var to par årar. Gunvald sat fremst med eit par. På tofta bak han sat Bjørg og Svanhild med kvar si år. Eg sat i bakskuten (bak i båten). 
Vinden var sterk og sjøen veldig «rufsete». Bølgene var høge som hus, syntes eg. Jentene som budde på Hamrøya kom i eigen båt.  Det var så høge bølger  at når båtane kom  ned i ein bølgedal såg vi ikkje nabobåten igjen. Eg syns det var litt skummelt og veldig spennande, men kan ikkje hugse at eg var redd. Redningsvestar visste vi ingenting om, heller ikkje noko som heitte livbelte. Vi slapp heldigvis regn den dagen. [...]  
Heimturen gjekk fint i det same vindfulle veret. 
For meg som lita jente var dette ein spennande dag. For dei andre var det vanleg at dei måtte ro fram og tilbake kvar skuledag. Før dei var store nok til å ro sjølve, var det anten mor eller far som skyssa dei fram og henta dei att når skuledagen var slutt.
Dette er nå ein mannsalder sidan.  Desse øyane har fått vegsamband både til Kalvåg og Bremanger og folka som bur der er oppdaterte på alle måtar i tida vi nå har.
Tenker mykje på korleis det måtte vere for foreldra som måtte sende barna på slik ein skuleveg i all slags ver og vind."


== Lærarar ==
== Lærarar ==