Skulehistorie i Høyanger

Skulehistorie i Høyanger skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Høyanger kommune si skulehistorie. Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon.

Høyanger kommune vart oppretta 1. januar 1964 ved at kommunane Lavik og Kyrkjebø vart slegne saman. I tillegg vart garden Nybø og bruket Nygjerdet overførde til Høyanger frå Vik kommune.

Lavik (Ladevig) formannskapsdistrikt vart oppretta i 1837. Kyrkjebø vart skild ut frå Lavik som eigen kommune i 1858, og var åleine fram til Høyanger kommune vart skipa i 1964. Lavik og Brekke var ein kommune frå 1861 til 1905, men Bø sokn vart overførd til nye Hyllestad kommune i 1862. I 1875 vart ein del av Kyrkjebø (som då heitte Klævold), nabokommunen i aust, overførd til Lavik og Brekke kommune. Frå 1. januar 1905 vart Lavik og Brekke kommune deld i to att, og Lavik og Brekke var igjen to sjølvstendige kommunar. Frå 1964 har Lavik vore del av Høyanger kommune, og Brekke av Gulen kommune. Vi tek her for oss dei skulekrinsane som har vore i Kyrkjebø og Lavik, men ikkje Brekke. Dei finn ein på sida om skulehistoria i Gulen.

I 1741 vart Kyrkjebø sokn delt i seks skuleområde, der dei tre første var på sørsida av Sognefjorden og dei tre siste på nordsida av fjorden:
1) Fitje, Brekke, Tune, Sande og Mjølsvik (Ortnevik)
2) Dyrdal, Slantevik, Tangen, Heggenes, Skoltestrand, Fuglsbø, Vamråk, Søreide, Østerbø og Sørbø (Strendene og Søreide)
3) Bjordal, Hest, Førde, Føsund, Osland, Leirnes, Aardal og Aakre (Bjordal og Åkre)
4) Nordre Vikum, Teigen, Vattekar, Avsnes, Røyrvik, Ullebø, Dyrnesli, Ytre Dale, Vadheim, Skår, Løbø, Mannebrekke, Markeset, Hovland, Fossen og Hovden (Norevik, Vadheim)
5) Klevald, Frivik, Kyrkjebø, Ramsli, Håland, Austreimsli, Austreim, Eide, Ytre Berge, Øvre Bergen, Indre Berge (Kyrkjebø, Berge)
6) Øren, Jetland, Håland, Dale, Sæbø, Måren, Midslot (Måredal) og Flæte (Høyanger, Måren).

Skulekrinsar

Gamle Lavik kommune

Hjelmeland krins

Avedal krins

Lavik krins

Rå krins

Torvund krins

Norevik krins

Tredalen krins

Ikjefjord krins

Massneset krins

Gamle Kyrkjebø kommune

Vadheim krins

Bjordal krins

Søreide krins

Kyrkjebø krins

Høyanger krins

Måren krins

Berge krins

Åkre krins

Ortnevik krins

Strendene krins

Norevik krins

Oversikt over skulekrinsar

1741 1900 1975 2018

Skuleveg

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Skular og elevtal

Arkiv

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


  Skulehistorie i Høyanger er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid!
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no.