Skyldeigesystemet

Skyldeigesystemet er ei moderne nemning på det rådande jordeigedomssystemet i Noreg i tidleg nytid. Systemet har røter attende til mellomalderen, blir modifisert over tid og gradvis avvikla på 1700- og det tidlege 1800-talet, parallelt med overgangen til sjølveige.

Historiografi

Sjølve nemninga «skyldeige» eller «parts- og skyldeeigesystemet» vart lansert av Andreas Holmsen i 1961[1] Han framstiller kjernen i omgrepet slik: «Eiendomsretten var en rett til leieavgift». Denne erkjenninga kan gjere det lettare både å forstå det særeigne ved jordeigedomsomgrepet i tidleg nytid, og å jamføre norske tilhøve med førmoderne eigedomstilhøve også i andre land. I dansk og svensk historiografi kan ein støyte på tilnærma identiske formuleringar: «[ejendommen] vil i realiteten sige: retten til jordrente»[2] og att «äga jord var väsentligen at äga ränta av jord.»[3] Men ein finn ulike forståingar av fenomenet blant historikarane. Særleg frå historikarar i dei andre nordiske landa blir det stilt spørsmål om kor fruktbart omgrepet er.[4]

Holmsen sjølv uttrykte i 1978 ein viss frustrasjon med den historiografiske lagnaden til omgrepet han hadde lansert: På den eine sida meiner han at «praktisk talt hele den ikke-norske agrarhistoriske ekspertise […] [er enten] uvitende om det eller avviser det som umulig eller likefrem latterlig at folk kunne ”eie skyld” og ikke jord». På den andre sida konstaterer han: «Blant yngre norske agrarhistorikere ser det derimot ut til at det jeg har kalt ”skyldeie”, har slått igjennom som en selvfølgelighet, og at det nå står som et stivnet begrep, uten nyanser og uten muligheter for videre erkjennelse.»[5]

Systemets kjenneteikn

Det som kjenneteikna det norske skyldeigesystemet var fyrst og fremst følgjande:

  • Det var eit sterkt utbreidd partseige (fleire eigarar til ein og same gard, ei og same driftseining). Eigedomsretten var prinsipielt knytt til landskyldpartar, ikkje til det konkrete gardsbruket. «Det kunne hete at en eier hadde sin part ”steint og reint”, dvs. avmerket med merkesteiner og åkerreiner. Men normalt kunne partseieren ikke peke på noen del av gården som sin eiendom. Det han faktisk eide, var sin del av gårdens landskyld.» [6] Det dreia seg med andre ord om ideelle partar. For så vidt kan det samanliknast med moderne andelar i andelslag.
  • Eigedomsretten til skyldpartane var gradert i partar med og utan bygselrett. Eigedomspartar med bygselrett er det som kjem nærast ei moderne eigedomsform som inneber at
a) retten til avkastinga av jorda,
b) råderett over bruken (derunder om garden skal leigast ut eller drivast for eiga rekning) og
c) retten til avhending

fell saman hjå ein og same eigar.

Men sjølv med bygsel var eigars rådvelde over garden avgrensa, særleg når garden var utleigd. Leiglendingen hadde etter lova rett på livstidsfeste, så sant ikkje eigaren sjølv kunne godtgjere at han trong garden til eige bruk etter buslitsregelen Partar utan bygselrett (laus landskyld) innebar knapt noko anna enn retten til leigeinntekt (landskyld) av parten.

Skyldeige og sjølveige

Skyldeigesystemet gjer at sjølveigaromgrepet blir fleirtydig. Ein gardbrukar kunne eige

a) heile garden aleine
b) ein part med bygselrett i heimegarden,
c) ein part laus landskyld i heimegarden
d) ikkje noko i heimegarden.

Det fyrste tilfellet a) kjem nærast det vi i dag tenkjer på som «sjølveigar». I praksis er også tilfellet b) godt overeinsstemmande med eit moderne sjølveigaromgrep, sjølv om brukaren her betalte avgift som leiglending av den luten av landskylda på garden han ikkje åtte. I båe tilfella c) og d) må for alle praktiske føremål vedkomande gardbrukar karakteriserast som leiglending. Men c) kan med god grunn leggjast til «sjølveiget» i utrekningar over fordeling av jordeigedomen på eigargrupper. Dermed kan det lett bli sprik mellom prosentane av høvesvis sjølveigarar og sjølveige i ei bygd.

Sjå også artiklar om leilendingsvesenet og jordeiendomsforholda generelt.

Referansar

  1. Holmsen, Andreas 1966 (1961) side 223
  2. Bernhild og Jensen 1978:71
  3. Herlitz, L. 197:154.
  4. Sjå t.d. debatt mellom den svenske historikaren Maria Ågren og den norske historikaren Knut Dørum i (Dansk) Historisk tidsskrift bind 102 (København 2002)
  5. Holmsen, A. 1978 side 133.
  6. Holmsen, A. 1966 (1961) side 223).

Litteratur

  • Bernild og Jensen: Den feudale produktionsmådes historie i Danmark ca. 1200 til ca. 1800, bind 1. (Studier i historie og tekstvidenskab fra Roskilde Universitetscenter). København 1978.
  • Herlitz, Lars: Jordegedom och ränta. Omfördelningen av jordbrukets merprodukt i Skaraborgs län under frihetstiden. Lund 1974.
  • Holmsen, Andreas: ”Overgangen til selveie i Norge”, foredrag på Det nordiske historikermøte i Lund 1961, trykt i Gard, bygd, rike. Festskrift i anledning Andreas Holmsens 60 års dag 5. juni 1966, Universitetsforlaget 1966, side 222-231