Sogndalstrand: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 3: Linje 3:


==Ladestaden==
==Ladestaden==
Sogndalstrand fekk tollstasjon under Stavanger ved kongeleg forordning i 1645. Dei rike fiskeria i området, særleg på Sira-grunnen, var ei viktig medverkande årsak. Kjøpmenn med borgarskap i Kristiansand, Stavanger og Bergen slo seg ned her. Frå 1699 til 1738 høyrde tollstasjonen i Sogndalstrand til Flekkefjord tolldistrikt, før han på ny kom under Stavanger. Den næraste konkurrenten til Sogndalstrand var Egersund, som utover 1700-talet hadde den sterkaste veksten. Kva status Sogndalstrand eigentleg hadde på 1700-talet, ser ut til å ha vore noko uklart. Var det ein strandstad utan privilegier eller ein ladestad med visse rettar? Amtmann Scheel halla rundt 1790 til den siste oppfatninga. Han viste til at Sogndalstrand var nemnt i tollforordningane av 1683, 1691, 1732, 1762 og 1768. Dette medførte ifølgje amtmannen at dansk korn kunne importerast til Sogndalstrand og at varer til og frå byar i Norge kunne lastast, lossast og fortollast her.
Sogndalstrand fekk tollstasjon under Stavanger ved kongeleg forordning i 1645. Dei rike fiskeria i området, særleg på Sira-grunnen, var ei viktig medverkande årsak. Kjøpmenn med borgarskap i Kristiansand, Stavanger og Bergen slo seg ned her. Frå 1699 til 1738 høyrde tollstasjonen i Sogndalstrand til Flekkefjord tolldistrikt, før han på ny kom under Stavanger. Den næraste konkurrenten til Sogndalstrand var Egersund, som utover 1700-talet fekk den sterkaste veksten. Kva status Sogndalstrand eigentleg hadde på 1700-talet, ser ut til å ha vore noko uklart. Var det ein strandstad utan privilegier eller ein ladestad med visse rettar? Amtmann Scheel halla rundt 1790 til den siste oppfatninga. Han viste til at Sogndalstrand var nemnt i tollforordningane av 1683, 1691, 1732, 1762 og 1768. Dette medførte ifølgje amtmannen at dansk korn kunne importerast til Sogndalstrand og at varer til og frå byar i Norge kunne lastast, lossast og fortollast her. Ein kongeleg resolusjon av 18. juli 1798 avklarte spørsmålet. Ved dette høvet fekk både Sogndalstrand og Egersund status som ladestader. Resolusjonen slo fast at det skulle opprettast ''et nyt Tolddistrict for Egersund og Soggendahl under Christiansands Stift hvilke Steder er forundt Frihed at losse tilladte fremmede, og udskibe indenlandske Vare, uden at skibene anløbe Stavanger eller gjør Toldklarering Samesteds, og skal paa hvert af disse to Steder ansættes en Told-Opsyns og en Told-Oppebørsel-Betjent''. Med dette hadde Rogaland fått to nye buar i tillegg til Stavanger.