Sogndalstrand: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 14: Linje 14:
Briggen "Vidar" er truleg det mest kjente seglskipet frå Sogndalstrand. I [[1866]] tok "Vidar" under kommando av kaptein [[Alfred Nielsen]] seg opp St. Lawrence elva og over dei store innsjøane til Chicago. Berre nokre få seglskip hadde greidd denne turen tidlegare. Mottakinga var difor strålande. Kring [[1870]] fekk Sogndalstrand sitt første dampskip. Det var "D/S Fiskaren" eigd av [[C. Herlofsen rederi]]. Skipet blei sett inn i rute mellom Trondheim og Christiania. Kort tid i førevegen hadde barken "Sogndal" forlist utanfor Yarmouth, og dei 14 mennene ombord, som alle var frå Sokndal omkom. "Fiskaren " forliste også, ved [[Gamle-Hellesund]] i [[1883]], men heile mannskapet vart berga.

Det kom også industri til Sogndalstrand på 1800-talet. I 1886 byrja A/S [[Soggendals Spinderi og Væveri]] drifta. Eit fargeri vart også etablert. Spinneriet var i drift i om lag 60 år. I 1947 blei den store bygningen riven.
Det kom industri til Sogndalstrand på 1800-talet. I 1886 byrja A/S [[Soggendals Spinderi og Væveri]] drifta. Eit fargeri vart også etablert. Spinneriet var i drift i om lag 60 år. I 1947 blei den store bygningen riven.

==Nedgang og nye visjonar==
==Nedgang og nye visjonar==
I byrjinga av 1860-åra starta gruvedrifta i Sokndal. Rekefjord var i kring ti år malmhavn, men drifta blei nedlagt. Då gruvenæringa kom i gong att i [[1919]] blei Jøssingfjord utskipshavn. Det at [[Den sørlandske hovedvei]] blei lagt nord for Sogndalstrand bidrog også til at staden kom meir i bakgrunnen. Aktivitetane knytta til fiskeri og skipsfart gjekk tilbake etter 1900. I mellomkrigstida prega fattigdom på mange vis den tidlegare ladestaden. Tilbakegongen kom til uttrykk ved at Sogndalstrand og Rekefjord i 1944 på nytt vart slått saman med Sokndal kommune.  
I byrjinga av 1860-åra starta gruvedrifta i Sokndal. Rekefjord var i kring ti år malmhavn, men drifta blei nedlagt. Då gruvenæringa kom i gong att i [[1919]] blei Jøssingfjord utskipshavn. Det at [[Den sørlandske hovedvei]] blei lagt nord for Sogndalstrand, bidrog også til at staden kom meir i bakgrunnen. Aktivitetane knytta til fiskeri og skipsfart gjekk tilbake etter 1900. I mellomkrigstida prega fattigdom på mange vis den tidlegare ladestaden. Tilbakegongen kom til uttrykk ved at Sogndalstrand og Rekefjord i 1944 på nytt vart slått saman med Sokndal kommune.  

Frå slutten av 1900-talet kom det ein ny giv i Sogndalstrand. Mange hus vart restaurerte og fylte med ny aktivitet. Overnattingstilbod, kafear og små butikkar trekkjer turistar til staden.
Frå slutten av 1900-talet kom det ein ny giv i Sogndalstrand. Mange hus vart restaurerte og fylte med ny aktivitet. Overnattingstilbod, kafear og små butikkar trekkjer turistar til staden.