Sokndal kommune

Sideversjon per 7. feb. 2020 kl. 08:36 av Kallrustad (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Sokndal kommune er ein kystkommune i Dalane i Rogaland. Han grensar til Agder med Åna-Sira som grenseelv i søraust, mot Lund kommune i aust og nord og mot Eigersund kommune i vest. Kommunen blei oppretta i 1837, og fekk sine noverande grensar då ladestaden Sogndalsstrand blei innlemma i 1944. Det har også vore eit par mindre justeringar av grensa mot Eigersund, i 1947 og 1967. Administrasjonssenteret er Hauge.

Sokndal
1111 Sokndal komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1111
Fylke Rogaland
Kommunesenter Hauge
Areal 294.97  km²
Areal land 267.94  km²
Areal vann 27.03  km²
Folketall 3 331 (2018)
Sammenslåing(er) Sogndalstrand innlemma 1944.
Nettside Nettside

Sjølv om Sokndal er ein kystkommune, er det ikkje fiske og havbruk som er viktigaste næringsveg i dag. Bergverk har lenge hatt mykje å seie for økonomien, med Titania AS som ein av dei største arbeidsplassane. Ved Tellnes finn ein ei av verdas største førekomstar av ilmenitt- og magnetittmalm. Det er også pukk- og asfaltverk i kommunen. Av anna industri er særleg metallvare- og maskinindustri viktig.

I dei indre dalstroka er det ein del landbruk. Det er ikkje god jord for dyrking dei fleste stader, så husdyrhald er heilt dominerande. Fisket er som nemnd ikkje nokon stor næringsveg i Sokndal; det er ein del reke- og makrellfiske og også noko østers- og blåskjelloppdrett.

Nær 70 prosent av innbyggjarane i kommunen bur i tettstaden Hauge, som no også omfattar Sogndalsstrand og Rekefjord. Ellers er det nokre mindre grender og bygder, som Åna-Sira.

Om lag ein tredjedel av dei yrkesaktive i Sokndal hadde i 2012 arbeidsplassar utafor kommunen.

Kjelder