Spansk

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 31. aug. 2009 kl. 10:10 av Olve Utne (samtale | bidrag) (bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Spanskspråkleg kleppfiskemballasje frå Kristiansund.
Foto: Olve Utne

Spansk (español) eller kastiljansk (castellano) hører til den iberiske gruppa av romanske språk. Språket har sitt opphav i det nordlege Castilla og spreidde seg tidleg derifrå vidare til resten av det sentrale og sørlege Spania. Gjennom den spanske kolonialiseringa frå slutten av 1400-talet og utover har spansk teke over som hovudspråk i heile det som no er kjent som Latin-Amerika, berre med unntak av Brasil. På liknande vis, men i mindre grad, har språket òg vorte utbreidd i Afrika og Aust-Asia.