Språkåret 2013

Sideversjon per 3. jan. 2013 kl. 09:10 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Bilete)

Språkåret 2013 er eit jubileumsprosjekt med utgangspunkt i at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og 100 år sidan opninga av Det Norske Teatret. Prosjektet var initiert av og er organisatorisk forankra i Nynorsk kultursentrum, med statstøtte frå Kulturdepartementet. Målet er å feire språklege skilnader og mangfald, og å fokusere ikkje berre nynorsken, men også bokmålet, samiske språk, historiske minoritetsspråk og nye innvandrarspråk.

Teikning av Olav Rusti.
Det Norske Teatret i Kristian IVs gate, 2006
Foto: Hans A. Rosbach

Språkåret vart offisielt opna av kulturminister Hadia Tajik den 2. januar 2013. Opningsarrangementet fann stad i kulturhuset Kilden i Kristiansand. Tidspunkt og stad var bestemt av at Det Norske Theatret hadde si fyrste framsyning i Kristiansand den 2. januar 1913.

Organisering

Nynorsk kultursentrum har arbeidd systematisk med Ivar Aasen-jubileet frå 2002. Våren 2007 vart ideen om språkåret fyrste gong drøfta i styret. Regjeringa løyvde hausten 2010 midlar til eit utviklingsprosjekt. Styret i Norsk kultursentrum oppnemnde ei styringsgruppe, og tilsette Jens Kihl som prosjektleiar. Styringsgruppa bestod av følgjande:

  • Leiar Grete Riise, seniorrådgjevar hjå fylkesmannen i Hordaland
  • Bodil Aurstad, språkkoordinator for Nordisk ministerråd
  • Ola E. Bø, dramaturg ved Det Norske Teatret
  • Torbjørn Røe Isaksen, stortingsrepresentant (Høgre)
  • Camara Joof, musikar
  • Aili Keskitalo, leiar i Norske Samers Riksforbund
  • Janne-Kristin Svarstad Nygård, leiar i Norsk Målungdom
  • Vigdis Moe Skarstein, nasjonalbibliotekar
  • Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet

Oppnemningane var personlege, det vil seie at medlemmene ikkje formelt representerer dei institusjonane dei er tilknytta. Språkåret er heller ikkje eit offisielt statleg arrangement, men eit privat, statsstøtta kulturprosjekt. Det har reist seg kritiske røyster, fyrst og fremst frå Riksmålsforbundet,[1] mot å gje eit nynorskforankra jubileumsarrangementeit offisielt preg.

Styringsgruppa og prosjektleiar la fram si tilråding som Nynorsk kultursentrum slutta seg til i januar 2012. Senteret påtok seg ansvaret for vidare planleggjing og gjennomføring. Men språkåret skulle vere eit sjølvstendig tiltak klårt skilt frå verksemda elles ved senteret. Det er tilsett eit sekretariat på tre personar ved Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

Referansar

  1. For eksempel i intervju med leiar i Riksmålsforbundet i P2 3. januar 2012

Kjelder og litteratur