Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen: Forskjell mellom sideversjoner

m
(→‎Litteratur: kyrkjesoga i tillegg)
Linje 35: Linje 35:
Kyrkjelyden vedtok 5. februar 1923 å ta i bruk nynorsk liturgi. Det hadde vore mogleg sidan 1906/07, men den store overgangen kom frå kring 1920, og i løpet av 1923 kom talet på sokn med nynorsk liturgi opp i 136 (av 1001). Men alt i 1912-13 hadde jostedølene høyrt nynorsk frå preikestolen. Då var Jostedalen prestelaus, og den nynorskbrukande presten i Årdal, [[Oskar Mangelstad]], vikarierte jamleg i Jostedalen frå september 1912 til april 1913. Han nytta nynorsk både til preike og barnedåp.

[[Nynorsk salmebok]] kom ut i 1925 og vart autorisert til kyrkjebruk. Dei tre frilynde ungdomslaga i bygda, [[Myklemyr ungdomslag]], [[Fram ungdomslag]] og [[Jostedal ungdomslag]], ivra sterkt for å få den nye salmeboka innførd i Jostedalen og skreiv brev til soknerådet om saka. Ho vekte eit stort engasjement, og etter gudstenesta 27. november 1927 kom saka opp til avgjerd. Heile 143 røysteføre kvinner og menn møtte fram til ein frisk og kjensleladd debatt i kyrkja. Saka enda med at 41 ville ta i bruk Nynorsk salmebok medan heile 102 framleis ville ha Landstads salmebok. Blix sine nynorske salmar var frå før teken i bruk i tillegg til Landstad. Etter åtte år kom så saka opp på nytt, og 2. juni 1935 vart Nynorsk salmebok røysta inn med 55 mot 18 røyster. I løpet av 1935 hadde 213 (av 1020) kyrkjesokn i landet røysta inn Nynorsk salmebok.
[[Nynorsk salmebok]] kom ut i 1925 og vart autorisert til kyrkjebruk. Dei tre frilynde ungdomslaga i bygda, [[Myklemyr ungdomslag]], [[Fram ungdomslag]] og [[Jostedal ungdomslag]], ivra sterkt for å få den nye salmeboka innførd i Jostedalen og skreiv brev til soknerådet om saka. Ho vekte eit stort engasjement, og etter gudstenesta 27. november 1927 kom saka opp til avgjerd. Heile 143 røysteføre kvinner og menn møtte fram til ein frisk og kjensleladd debatt i kyrkja. Saka enda med at 41 ville ta i bruk Nynorsk salmebok medan heile 102 framleis ville ha Landstads salmebok. Blix sine nynorske salmar var frå før teken i bruk i tillegg til Landstad. Etter åtte år kom så saka opp på nytt, og 2. juni 1935 vart Nynorsk salmebok røysta inn med 55 mot 18 røyster. I løpet av 1935 hadde 213 (av 1020) kyrkjesokn i landet røysta inn Nynorsk salmebok.<ref>Øvregard m.fl. 2010</ref>

==Målbruken i den kommunale administrasjonen==
==Målbruken i den kommunale administrasjonen==
Veiledere, Administratorer, Skribenter
4 496

redigeringer