Språkskiftet til nynorsk i Skjåk: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Utbygging)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 43: Linje 43:
== Kvar gjekk frontlinene? ==
== Kvar gjekk frontlinene? ==
=== Vestlandslærarar i målfronten? ===
=== Vestlandslærarar i målfronten? ===
«Vestlandslæraren» har gjerne fått skuld eller ære for språkskifte til nynorsk i bygder på Austlandet. Så også i Skjåk. Til dømes skriv «En ikke målmand» som følgjer i eit inserat i [[Laagen]] 15. juli 1925 om «sprogstriden i Skjåk»:
:«Vestlændingerne arbeider planmæssig og ihærdig over hele østlandet. Det er dels politikk, dels målsak, dels begge deler […] Især er det vestlandslæreren som er i aktivitet. [I Skjåk som i andre austlandsbygder har ein vore for lite merksame] Man har overset målarbeidet; mens vestlændingerne har lagt sin plan og fulgt den med den største nøiagtighed.»
=== Partipolitiske skiljeliner? ===
=== Partipolitiske skiljeliner? ===
=== Sosiale og geografiske mønster? ===
=== Sosiale og geografiske mønster? ===

Sideversjonen fra 10. jan. 2013 kl. 16:52

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Språkskiftet til nynorsk i Skjåk gjekk føre seg i to etappar. Den fyrste var innføring av landsmål som skulemål i fire av sju krinsar i 1908. Andre etappen førte til språkskifte også i dei andre skulekrinsane, i kommuneadministrasjon og i kyrkja i løpet av tidsrommet 1925-1933. Hardaste striden stod under den andre etappen. Det toppa seg med skuleavrøystingane i Marlo, Holmork og Nordberg i 1925, og ebba ut med vedtak om nynorsk liturgi i 1932-1933. Etter den tid har Skjåk vore nynorskkommune.

Landsmål i utkantkrinsane

Det var Skjåk lærarlag som tok det fyrste initiativet til språkskiftet i bygda. Laget var stifta i 1897, og to år etter tilbaud dei skulestyret at lærar Thuland kunne halde foredrag om landsmålet «for om muligens at faa det indført i herredets skoler». Det vart ikkje noko av i fyrste omgang, «da flerheden af folket endnu ikke er kommet til forstaaelse af sagens betydning til deres egen fordel», som lærarlagets oppsummering av resultatet vart formulert.

Etter rettskrivingsreformen 1907 fann lærarlaget det på sin plass å ta eit nytt initiativ for saka. Denne gongen vart det avrøystingar i kvar enkelt skulekrins. På grunnlag av resultata frå desse gjorde skulestyret vedtak om at landsmålet frå 1. mai 1908 skulle brukast til norsk skriftleg i krinsane Øygard, Gjeilo, Åmot og Bråtå, dvs. i dei vestre og austre endane av bygda.

Dette skjedde nøyaktig 10 år etter at nabobygda Lom hadde innført landsmål i alle sine skulekrinsar, blant dei fyrste bygdene i landet.

Eit par års tid frå 1916 vart det gjort eit forsøk med skulesentralisering i søre bygda, da borna Øygards- og Gjeiloskrinsane vart overførde til Marlo skule. Da vart det gjort vedtak i skulestyret om landsmål som hovudmål i sentralskulen. Men etter at ein gjekk attende til den gamle krinsinndeklinga, heldt Marlo fram med riksmålet. I Holmork vart det halde ny målavrøysting i 1920, men utan at dette førde til endringar.

Språkskifte mot folkeviljen i skulekrinsane?

Problematiske lovføresegner

I 1925 tok skulestyret på nytt opp saka. På førespurnad fekk dei tilråding frå skuledirektøren Olav A. Eftestøl om å innføre landsmålet. Så vart det halde krinsavrøystingar både i Marlo, Holmork og Nordberg. Nå oppstod det ein situasjon som sette søkjelyset på røystereglane i skulelova. Dei som hadde røysterett, var foreldre med born i skulen i krinsen. Eit alminneleg fleirtal av alle røysteføre i krinsen ville kunne påleggje skulestyret å gjere vedtak i samsvar med dette fleirtalet. Eit alminneleg fleirtal av frammøtte ved krinsmøte var også bindande for skulestyret, men til dette var hefta ein føresetnad om at den frammøtte forsamlinga da måtte utgjera 2/3 av det samla talet røysteføre i krinsen. Mange meinte at lovføresegnene gav rom for avgjerder som var tvilsame ut frå eit demokratisk synspunkt. Det som skjedde i Skjåk, tykkjest stadfeste dette.

Marlo

Tydelegast vart det demonstrert i Marlo. Der var det krinsmøte og avrøysting den 23. mars 1925. Det stod 291 røysteføre i det godkjende manntalet. Av desse var det 129 til stades på krinsmøtet. 123 av dei røysta for riksmål, seks for landsmål. Men for at denne overveldande overvekta av riksmålsfolk skulle fått gjennomslag i saka, måtte det etter lova ha møtt fram 195 røysteføre. Heimesitjarane vart i dette tilfellet i praksis tekne til inntekt for landsmålet. Det var lett å rekne ut som riksmålstilhengaren fanejunker E.C.Brandser gjorde det i ein protest til skuledirektøren: «Dersom Landsmaalsfolket havde mødt med 65 Stemmer til (hvis der er saamange i Kredsen) saa havde Skolestyret vært bundet og maatet beslute, at Rigsmaal skulde være Hovedmaal.»

Dette openbert urimelege resultatet kunne ikkje riksmålsfolket utan vidare gå med på. E.C.Brandser og hans forbundsfellar sette dermed i gang ein underskriftaksjon for å behalde riksmålet. Aksjonen kunne skilte med 174 underskrifter. Fråsegna med underskriftene vart behandla i skulestyremøte den 4. mai 1925. Dei fann å ikkje måtte la protesten bestemme utfallet, for «i lovi stod det ikkje noko um at ein skal gjera vedtak um målformi etter slike "henstillinger".» Skuledirektør Eftsestøl hadde ved påteikning ingenting å merke til skulestyrets avgjerd.[1]

Underskrivarane var vaksne folk både med og utan røysterett i skulekrinssaker, så lista kunne rett nok ikkje utan vidare nyttast som ein overveldande fleirtalsmanifestasjon av krinsens vilje etter skulelova. Det framgår ikkje av gjennomgått kjeldemateriale om det vart gjort noko forsøk på å samanhalde underskriftlistene med det godkjende valmanntalet.

Etter underskriftsaksjonen gjekk skulestyret med på at det skulle haldast nytt krinsmøte og avrøysting. Det skjedde den 26. mai. Riksmålet fekk mobilisert 140 av sine til å møte fram, men det hjelpte lite sidan landsmålstilhengarane openbert boikotta avrøystinga. Dermed kunne skuledirektør Eftestøl i brev til skulestyret 30. august 1925 oppsummere og konkludere slik:

«Etter det manntalet som låg til grunn ved avrøystingi var det 290 med røysterett i krinsen. Det må då minst 146 røyster til for at skulestyret skal vera bunde til å fastsetja det mål for skulen som krinsen har vedteke. Etter dette […] er då landsmålet hovudmål i Marlo.»[2]

Det vanta altså seks røyster på at skulestyret skulle vere forplikta til å ta omsyn til resultatet. Dersom 2/3 av dei røysteføre hadde møtt fram (195 personar), hadde jamvel riksmålet greid seg med 98 røyster.

Holmork og Nordberg

I Holmork krins var hendingsgangen parallell med den i Marlo. Også der vart det halde ny avrøysting etter protesterande underskriftskampanjer. Riksmålet samla her 151 underskrifter i Holmorkkrinsen, men også her fånyttes. Det var 223 røysteføre i krinsen. 96 personar av desse var til stades på det nye krinsmøtet den 27. mai, og alle desse røysta for riksmåleet.

I Nordberg (for Bokkodden og Skamsar skular) har vi ikkje funne underskriftslister i kjeldematerialet. Ved det fyrste krinsmøtet 18. april var det gjeve 42 røyster av 276 i godkjent valmanntal. 34 av dei 42 røysta for riksmål, sju for landsmål. På forlangande av lovleg antal røysteføre vart det halde nytt krinsmøte den 13. juni. Da var 281 oppførde i manntalet. 38 frammøtte røysta for riksmålet, ein for landsmålet. Etter talet på frammøtte å dømme, var engasjementet i språksaka påtakeleg mindre enn i Holmork og særleg i Marlo.

Språket i kommuneadministrasjonen

Innføring av landsmål som administrasjonsmål i kommunen skjedde stegvis. I 1923 vedtok heradsstyret med 13 mot 6 røyster at landmål skulle nyttast i offentlege oppslag på posthusa i bygda.[3]

To år seinare, i kjølvatnet av skulemålsstriden, fremja heradsstyremedlem lærar og kyrkjesongar K.G.Wågen følgjande framlegg for heradsstyret (i møte den 29. juli 1925):

No då norsk landsmål er fastsett ved skulane i Skjåk skulde det vera på tide at ein fekk same mål i den kommunale administrasjon, heradsbokhaldet, likningsstellet og i offentlege uppslag og skriv frå lensmannsumbodet. Eg gjer difor hermed framleg um at landsmål vert å nytte som skrivemål i alle dei ovanfor nemnde greiner av den kommunale administrasjon.

Framlegget vart vedteke med 9 mot 5 stemmer. Etter den tid ser det ut til at kommunestyreprotokollen har vore ført nokså konsekvent på nynorsk.

Uvisst av kva grunn vart same vedtaket gjort to år seinare, i heradsstyremøte den 25. januar 1927 [4] Denne gongen skjedde det etter oppmoding frå Skjåk mållag ved formannen Kristen Aanstad. Avgjerdsmarginen var snau. Vedtaket vart gjort med 10 mot ni stemmer. Som for å vere på den sikre sida, gjorde dei opp att vedtaket den 4. april same året. Marginen var like snau, denne gongen ni mot åtte stemmer.[5]

Salmar og liturgi

Samstundes som den fyrste striden pågjekk om målskifte i skulen, i åra før 1908, pågjekk ein tilsvarande strid i kyrkjesokna om Blix’ landsmålstillegg til salmeboka. I Nordberg sokn vart dette vedteke innført den 3. november 1907 etter fleire kyrkjelydsmøte om saka. Avgjerda vart teken med 30 mot tre røyster. I hovudsoknet var det litt større vegring. Der vart vedtak om å ta med Blix-salmane teke i kyrkjelydsmøte den 15. oktober 1911 med 38 mot 11 røyster.[6]

Den nynorske liturgien vart teken i bruk i Nordberg kyrkje den 17. september 1933 etter vedtak den 25. juni med 21 mot 4 røyster. Men her hadde Skjåk kyrkjelyd vore tidlegare ute, med vedtak på soknemøte den 20. november 1932.

Kvar gjekk frontlinene?

Vestlandslærarar i målfronten?

«Vestlandslæraren» har gjerne fått skuld eller ære for språkskifte til nynorsk i bygder på Austlandet. Så også i Skjåk. Til dømes skriv «En ikke målmand» som følgjer i eit inserat i Laagen 15. juli 1925 om «sprogstriden i Skjåk»:

«Vestlændingerne arbeider planmæssig og ihærdig over hele østlandet. Det er dels politikk, dels målsak, dels begge deler […] Især er det vestlandslæreren som er i aktivitet. [I Skjåk som i andre austlandsbygder har ein vore for lite merksame] Man har overset målarbeidet; mens vestlændingerne har lagt sin plan og fulgt den med den største nøiagtighed.»


Partipolitiske skiljeliner?

Sosiale og geografiske mønster?

Referansar

  1. Skjåk kommunearkiv, skulestyrets saksdokument 1925: Brev frå skulestyret til skuledirektøren19.5.1925
  2. Skjåk kommunearkiv, skulestyrets saksdokument 1925: Brev frå skuledirektøren til Skjåk skulestyre 30. august 1925.
  3. KAS: Heradstyreprotokollen sak 245/1923.
  4. KAS: Heradstyreprotokollen sak 45/1927.
  5. KAS: Heradstyreprotokollen sak 72/1927.
  6. Skjåk kyrkje... side 171, Nordberg kyrkje... side 67

Kjelder og litteratur

  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok band 3. Historia 1798-1914. Skjåk kommune 1998.
  • KAS: Kommunearkivet i Skjåk. Møteprotokollar for kommunestyret, saks- og korrespondansearkiv for skulestyret.
  • Nordberg kyrkje 100 år. Red.: Mathias Bruheim. Utgjevar: Nordberg sokneråd 1964.
  • Skjåk kyrkje 200 år. Red.: Mathias Bruheim. Utgjevar: Skjåk sokneråd 1952.