Stølsheimen

Sideversjon per 17. okt. 2021 kl. 14:43 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Stølsheimen er eit fjellområde i Hordaland, mellom Sognefjorden i nord, Vikafjellet i aust, Vossefjella i sør og Masfjordfjella i vest. Området strekk seg frå fjorden opp til 1300 meter over havet. Det er eit populært turområde, der mellom anna Bergen og Hordaland Turlag har fleire turisthytter. Deler av området er verna som Stølsheimen landskapsvernområde.

Namnet kjem frå støylsdrifta som tidlegare var ein viktig del av næringsgrunnlaget for bygdene i området. Innafor verneområdet ligg det meir enn førti støyler eller støylstufter.

Kjelder