St. Peter kyrkje (Stranda): Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 6: Linje 6:
Kyrkja er første gong nemnd i "Af. En gml. ætleg", AM. 22b fol 104, ofte omtalt som Sunnmørsætlegga. Der heiter det at "Arnljot Gaddabein som tok vid kristni och resti kkia i wpswig (eller Wxs-wig) og otte han wpswig all & Upsage, Helle & Hedensgerdi til odel". Den orginale kjelda blei truleg nedskriven i andre halvdel av 1200-talet, og eksisterer no berre som avskrift frå kring 1600. I avskrifta frå kring 1600 er det tilført etter wpswig "nu kalles Oxe wig er inderst paa Stranden ij j.Ebbe gield" (Ugelvik-Larsen og Sulebust 1994, s. 514-518). Denne utsegna har blitt brukt til å datere bygginga av kyrkja til kring år 1000 (Gjerding 1938, s.6), men sidan det er tale om nedskriving av ein munleg tradisjon på slutten av 1200-talet, og i ein uviss kontekst, er det ikkje mogeleg å datere kyrkja så presist. Ei datereing av kyrkje til 1000-talet er likevel rimeleg.

Kyrkja er nemnd som St. Peter-kyrkje i Aslak Bolts Jordebok frå kring 1430. Jordeboka lister jordegods som tilhøyrde bispestolen i Nidaros og dette jordegodset er ordna etter kyrkjesokn. I St. Peter kyrkjesokn hadde bispesetet partar i gardane Helsem og Opsvik. Sjølve kyrkjestaden er på garden Opsvik, medan Helsem er ein nabogard lenger nord i bygdekrinsen. Kyrkja er også nemnd i Olav Engelbrektssons Jordebok. Kyrkjestaden er nemnd to gonger i 1570-åra. I 1573 var presten i Ørskog prestegjeld saman med lagrettmenn både frå Sunnmøre og Romsdal samla på "Paa Oxe Kiercke gaard oc sougne" (Statsarkivet i Trondheim, 520 Stranda sokneprest, Gamle dokumenter). Høvet var eit venskapleg arveskifte mellom to søskenbarn der ei rekkje gardar og gardpartar blei skift. Det andre dokumentet er frå 1577 og gjeld ein tvist om garden Hauge i Sunnylven. Lagrettemenn saman med presten i Ørskog prestegjeld var samla på "en frit kierkegaard Anno dominio 1577 trinitatissøndag nu næst forleden paa Sancte Peders kierkegaard paa Stranden i Ørskog Prestegjeld". Tolv år seinare i kyrkjerevisjonen, Trondhjem reformats 1589, er kyrkja i Oksvik ikkje nemnd. Ørskog prestegjeld var på denne tid stort og omfatta heile indre Sunnmøre, så det er ikkje usannsynleg at kyrkja og soknet har blitt lagt ned i samband med revisjonen av kyrkja og kyrkjeorganisasjonen.  
Kyrkja er nemnd som St. Peter-kyrkje i Aslak Bolts Jordebok frå kring 1430. Jordeboka lister jordegods som tilhøyrde bispestolen i Nidaros og dette jordegodset er ordna etter kyrkjesokn. I St. Peter kyrkjesokn hadde bispesetet partar i gardane Helsem og Opsvik. Sjølve kyrkjestaden er på garden Opsvik, medan Helsem er ein nabogard lenger nord i bygdekrinsen. Kyrkja er også nemnd i Olav Engelbrektssons Jordebok. Kyrkjestaden er nemnd to gonger i 1570-åra. I 1573 var presten i Ørskog prestegjeld saman med lagrettmenn både frå Sunnmøre og Romsdal samla på "Paa Oxe Kiercke gaard oc sougne" (Statsarkivet i Trondheim, 520 Stranda sokneprest, Gamle dokumenter). Høvet var eit venskapleg arveskifte mellom to søskenbarn der ei rekkje gardar og gardpartar blei skift. Det andre dokumentet er frå 1577 og gjeld ein tvist om garden Hauge i Sunnylven. Lagrettemenn saman med presten i Ørskog prestegjeld var samla på "en frit kierkegaard Anno dominio 1577 trinitatissøndag nu næst forleden paa Sancte Peders kierkegaard paa Stranden i Ørskog Prestegjeld" (Lillebø 1972, s.199). Tolv år seinare i kyrkjerevisjonen, Trondhjem reformats 1589, er kyrkja i Oksvik ikkje nemnd. Ørskog prestegjeld var på denne tid stort og omfatta heile indre Sunnmøre, så det er ikkje usannsynleg at kyrkja og soknet har blitt lagt ned i samband med revisjonen av kyrkja og kyrkjeorganisasjonen.  

===Kyrkjebygget===
===Kyrkjebygget===
Linje 27: Linje 27:
*Hamre, A-M. 1983: ''Trondhjem Reformats 1589'', Oslo.
*Hamre, A-M. 1983: ''Trondhjem Reformats 1589'', Oslo.
*Jørgensen, J.G.  1997: ''Aslak Bolts Jordebok'', Oslo.
*Jørgensen, J.G.  1997: ''Aslak Bolts Jordebok'', Oslo.
*Strøm, Hans 1766: ''Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør II'', Sorøe 1766.
*Lillebø, P.A. 1972: ''Sunnylven og Geiranger II. Gard og ætt''. Volda.
*Ugelvik-Larsen Stein og Sulebust, Jarle 1996: I balansepunktet, Ålesund 1994.
*Strøm, Hans 1766: ''Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør II'', Sorøe.
*Ugelvik-Larsen Stein og Sulebust, Jarle 1996: I balansepunktet, Ålesund.

==Eksterne lenker==
==Eksterne lenker==
379

redigeringer