Stormolta

Stormolta, lokal uttale (Stor-)Moltå (Mal:NA) / (Stor-)Moltånn (Mal:D), er ein låg og furut holme med god jord i furene. Han ligg i Nordheimsundet, mellom Stabblandet i sør og Solskjelsøya i nord. Både Stormolta og den mykje mindre holmen Litlmolta rett austom ligg til bnr. 1 av Solskjeløygarden. Tradisjonelt vart heile holmen avsvidd kvar vår, slik at det voks opp godt og saftig gras utover sommaren. Om somrane har holmen vore bruka til bekrehamning.[1] Rett austom Stormolta ligg ein mykje mindre holme som blir kalla Litlmolta.

Stormoltå sett frå Kalvika.
Foto: Olve Utne
Stormolta (t.v.) og Litlmolta (t.h.) sett frå myrane vestom Nordheim.
Foto: Olve Utne

Fotnotar

  1. Bekre er det same som vêr eller hannsau.

Kjelder

Heimelsmenn

  • Ingolf Nordvik