Strannavegen (Sauherad)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. feb. 2022 kl. 14:11 av Rool (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Strannavegen sett nordover ved nr. 386, Kåsa (gnr. 196/12).
Foto: Roy Olsen (2017).

Strannavegen i Midt-Telemark kommune går frå krysset med Gvarvvegen og GvarvgataGvarv, langs Norsjø sin vestbredd og til Nome kommunegrense der han fortsett som Sauheradvegen.

Vegen har namn etter området Stranda, eller Ytre Stranda. Strannavegen er ein del av riksveg 36 og er kring 8,4 km lang.

I dag meiner ein med Stranda det området av bygda som ligg på vestsida av Norsjø sør for Gvarv, frå Nordadal, gnr. 194, og sørover til Gurstad, gnr. 101, ved grensa mot det gamle Holla, nå Nome kommune. Her ligg gardane langs Norsjø i varierande høgde og avstand frå vatnet. På Ytre Stranda har vanleg skrivemåte vore Stranna!

Mellom 2016 og 2018 blei den 7 km lange strekninga frå Årnes til Slåttekås i Nome rusta opp til 8,5 m bredde og gang- og sykkelveg. Ved Holte blei et kurverikt parti av vegen erstatta av den 220 m lange Holtetunnelen.

Kjelder


Koordinater: 59.38805° N 9.16577° Ø