Sullamrei historielag – Øvre Vinje: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Linje 12: Linje 12:
*Knut Åsheim
*Knut Åsheim
*Knut Tore Bratland  
*Knut Tore Bratland  
*Lars O.Gardsteig  
*Lars O. Gardsteig  
*Ragnvald Christenson
*Ragnvald Christenson



Sideversjonen fra 4. mai 2022 kl. 09:27

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Sullamrei historielag – Øvre Vinje er eit historielag i Vinje kommune i Telemark. Laget vart stifta 19. mai 1988 som Sullamrei historielag, bytta seinare namn til Øvre Vinje historielag og så til det noverande. Laget har gjeve ut årboka Bygdemellom sidan 1999.

I 2019 hadde historielaget 80 medlemmar. Etter måten har det vore eit stabilt medlemstal.

Leiarar

  • Ragnvald Christenson
  • Sondre O. Bratland
  • Elisabeth Bratland
  • Halvor Hamre
  • Knut Åsheim
  • Knut Tore Bratland
  • Lars O. Gardsteig
  • Ragnvald Christenson

Aktivitet

Som vanleg i lagsarbeid har det vore vekslande aktivitet i laget. Historielaget starta opp med å få laga kopier av økonomiske kart for området sitt, for å samle stadnamn. Dette har vore ein vekslande aktivitet som til no (2019) ikke har gjeve noko direkte resultat. Men Språkrådet har starta opp eit prosjekt for heile landet der historielaga i Vinje kommunen er med.

Den andre grunnen til at historielaget vart stifta, var å samle inn lokalhistorie og gje ut stoffet i årbøker. I samband med dette har laget også registrert og skanna ein god del lokale bilete. Laget har eit samarbeid med Edland skule, der det er nokre elevar som har det som ein del av opplæringa å skanne gamle fotografi.

Laget tok inititativ til eit samarbeid med dei andre historielaga mellom Seljord og Røldal, for å få i stand pilegrimsvandring til Røldal kyrkje. Sommaren 2003 vart det fyrste gong skipa til vandring, og etter det har dette funne stad kvar vår.

Publikasjonar

Sidan vårt område ligg øverst oppe i Telemark, og naturen var enklare vest og sørover så hadde me like mykje kontakt med Setesdalen og Røldal/Suldal som nedover Telemark. Ut fra dette så kalla me vår årbok for "Bygdemellom", då var den grenselaus. Det vart gjeve ut 2 av desse årbøkene den fyrste i 1999 og ein i 2002. Så i 1997 kav me ut boka Krigsår som fortel om krigshandlingane i vårt distrikt som er Grungedal sokn. Det vart i 2011 gjeve ut ei slektsbok for vart område, men på grunn av for mange feil vart den trekt inn, men no er me på avslutninga i arbeidet med ei ny slektsbok som også dekker vårt område. Me hadde ein lokal fotograf som var aktiv fra omkring 1900 til 1930, det er ca 300 filmar og glassplater etter han, og me har gjeve ut ein minnealbum som innheld omkring 250 bilete av fotografi av Aanund Olavson Edland. Dette er utruleg viktig for bygda å ha desse bileta. Glasspalatene er lagra på Telemark Museum i Skien. Me gav ut denne boka som ei markering av vårt 30 års jubileum som var i 2018.

Me fekk gjeve ut ei Kulturhistorisk veibok " Fann eg dei stigar ..." om Pilegrimsvegen fra Vest - Telemark til Røldal.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer