Sullamrei historielag – Øvre Vinje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Sullamrei historielag – Øvre Vinje er eit historielag i Vinje kommune i Telemark. Laget vart stifta 19. mai 1988 som Sullamrei historielag, bytta seinare namn til Øvre Vinje historielag og så til det noverande. Laget har gjeve ut årboka Bygdemellom sidan 1999.

RÅTEKST

Leiarar

  • Ragnvald Christenson
  • Sondre O. Bratland
  • Elisabeth Bratland
  • Halvor Hamre
  • Knut Åsheim
  • Knut Tore Bratland
  • Lars O.Gardsteig
  • Ragnvald Christenson

80 medlemmar Det har vore etter måten eit stabilt medlemstal Som normalt i lagsarbeid har det vore vekslande aktivitet i laget Me starta opp med å få laga kopier av økonomiske kart for vårt område, for å få samle stadnamn. Dette har vore ein vekslende aktivitet som til no ikke har gjeve noko direkte resultat. Det positive no er at Språkrådet har starta opp eit prosjekt for heile landet der historielaga i Vinje kommunen er med. Så no er me på gang. Det andre som eigentleg var grunnen til oppstartinga av historielaget er å samle inn lokalhistorie, og ettersom teknologien har kome, så har me scanna ein god del lokale bilete, og er ein del av vår aktivitet. Me starta opp laget for å samle inn lokalhistorie og samle det i årbøker. Sidan vårt område ligg øverst oppe i Telemark, og naturen var enklare vest og sørover så hadde me like mykje kontakt med Setesdalen og Røldal/Suldal som nedover Telemark. Ut fra dette så kalla me vår årbok for "Bygdemellom", då var den grenselaus. Det vart gjeve ut 2 av desse årbøkene den fyrste i 1999 og ein i 2002. Så i 1997 kav me ut boka Krigsår som fortel om krigshandlingane i vårt distrikt som er Grungedal sokn. Det vart i 2011 gjeve ut ei slektsbok for vart område, men på grunn av for mange feil vart den trekt inn, men no er me på avslutninga i arbeidet med ei ny slektsbok som også dekker vårt område. Me hadde ein lokal fotograf som var aktiv fra omkring 1900 til 1930, det er ca 300 filmar og glassplater etter han, og me har gjeve ut ein minnealbum som innheld omkring 250 bilete av fotografi av Aanund Olavson Edland. Dette er utruleg viktig for bygda å ha desse bileta. Glasspalatene er lagra på Telemark Museum i Skien. Me gav ut denne boka som ei markering av vårt 30 års jubileum som var i 2018. 13. Har/drifter laget digitale ressurser? (Bildesamlinger på nett, wikier e.l.) 14. Øvrig historikk (viktige arrangement, prosjekt, merkeår) Som privarperson har eg samla og scanna lokale bilete i mange år, dette har heile tida vore meininga at øverførast til historielaget. Me har no fenge laga ei nettside www.sullamreihistorielag.no. Det er no i oppstarten, men denne nettsida vil utviklast vidare. Me har også eit samarbeid med EDland skule, me stilte ein scanner til disposisjon, og der er det no nokre elevar som har det som ein del av opplæringa å scanne gamle bilete. Utruleg godt å få til eit samarbeid med dei unge. Me var det laget som fekk til eit samarbeid med dei andre historielaga mellom Seljord og Røldal, for å få starte opptatt med ein pilegrimsvandring kvar vår til Røldal kyrkje. Me sette gang prosjektet på 1990 talet og sommaren 2003 vart det fyrste gong skipa til pilegrimsvandring. Etter det har det vore pilegrimsvandringer kvar vår. Det er no ein eigen organisasjon med eige styre som driv laget Pilegrimsvegen til Røldal. Me fekk gjeve ut ei Kulturhistorisk veibok " Fann eg dei stigar ..." om Pilegrimsvegen fra Vest - Telemark til Røldal. Dette er ei viktig bok med mykje lokalhistorisk informasjon om denne vegen.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).