Sundbåten

Sundbåten er passasjerruta mellom Gomalandet, Kirklandet, Nordlandet og Innlandet i Kristiansund. Trafikken starta opp den 18. november 1876. Det var lokale kjøpmenn som trengde å frakte varar og kundar mellom øyane som tok initiativet og skipa Kristiansund damptbåtlag i 1875. Sundbåtane

Sundbåten «Rapp» ved kai på Kirklandet.
Foto: Olve Utne (2009).

Under første verdskrigen vart det for dyrt for dampbåtlaget å halde trafikken i gong, og Kristiansund kommunale sundbåtvesen vart skipa og tok over drifta.

Passasjerrekorden vart sett under andre verdskrigen, så dei i løpet av tolv månader i 1943–1944 hadde 2 635 900 passasjerar. Ein av sundbåtane vart senka då byen vart bomba i april 1940.

I dag er det to sundbåtar, M/S «Rapp» og M/S «Angvik». Det er langt mindre trafikk no, men ein del som pendlar mellom øyane nyttar framleis båtane. Aller størst er trafikken om somrane, for båtane er ein av byen sine største turistattraksjonar.

Tidlegare nytta ein polettar, kjend som ovalmyntar, som måtte kjøpast i land. Desse finst det mange av i skuffar og skåp i heimane i Kristiansund. Ein annan tradisjon knytt til båtane er plikthoggaren. Båtane måtte ha ein mann ombord som hogde tak i kaia og haldt båten fast medan passasjerane gjekk i land – det skulle gå snøgt, så dei fortøya ikkje båtane. Med dagens motarar er det lettare å halde båten til kai for skipperen, så dei treng ikkje lenger plikthoggarar.

Galleri

Litteratur

Koordinater: 63.111589° N 7.733590° Ø