Sunnhordland

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. feb. 2020 kl. 08:13 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Fylkesreforma)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sunnhordland er eit distrikt i tidlegare Hordaland fylke, frå 1. januar 2020 i Vestland fylke. Det omfattar kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Ølen kommune var tidlegare ein del av Sunnhordland, men har vorte ihopslegen med Vindafjord kommune i Rogaland. Distriktet hadde pr. 1. oktober 2007 55 318 innbyggjarar fordelt på 2896 km². Regionsenteret er Leirvik i Stord kommune.