Sveio kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. feb. 2020 kl. 09:43 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Fylkesreforma etc.)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sveio kommune
1216 Sveio komm.png
Basisdata
Kommunenummer 4612
Fylke Vestland
Kommunesenter Sveio
Areal 246.14  km²
Areal land 224.25  km²
Areal vann 21.89  km²
Folketall 5 721 (2018)
Grunnlagt 1838
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Sveio kommune ligg på ei halvøy lengst sørvest i Sunnhordland i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland), ved grensa til Rogaland. Kommunen grensar til Haugesund og Tysvær i sør, Bømlo i vest, Stord i nord og Vindafjord i aust. Det er berre i sør kommunen har fastlandsgrense; i dei andre retningane ligg Bømlafjorden, Hardangerfjorden og Ålfjorden. Administrasjonssenteret er tettstaden Sveio. Det er ein annen tettstad i kommunen, Førde.

Sveio vart skipa som kommune i 1865, då han vart skild ut frå Finnås samstundes som Vikebygd vart lagt til. Vikebygd sogn vart skild ut frå Sveio som eigen kommune i 1902. Sveio sine noverande grenser er frå 1964, då Valestrand og Vestre Vikebygd (vest for Ålfjorden) vart lagt til kommunen. Samtidig vart dei to gardane Buvik og Flatnes i Skjold kommune overført til Sveio.

Jordbruket i kommunen er prega av husdyrhald, med storfe, sau og høns. Fiskeoppdrett har vorte ein viktig næringsveg. I industrien finn ein små bedrifter, særlig verkstads- og tekstilindustri og fiskeforedling.

Kjelder og litteratur

Lenker

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!