Sykkylven vidaregåande skule: Forskjell mellom sideversjoner

(8 mellomliggende versjoner av 3 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>{{thumb høyre|Sykkylven vdg. skule 2013.jpg|Sykkylven vidaregåande skule etter fasadeskiftet i 2013.|Dagfinn Fredly}}
'''[[Sykkylven vidaregåande skule]]''' vart oppretta i [[1974]] gjennom eit sterkt lokalt engasjement og kløktig bruk av gode alliansar, også på nasjonalt nivå. Skulebyggaren framfor nokon var inspektør ved ungdomsskulen, seinare rektor og skulesjef, [[Ola Longva]].

I 1960- og 70-åra vart det meir og meir vanleg å ta vidaregåande utdanning. Det skjedde nærast ein utdanningseksplosjon i desse åra, noko ein kan vise med følgjande tal: Elevtalet i gymnaset vart femdobla på landsbasis frå 1950 til 1970. Elevtalet på fag- og yrkesskular auka frå kring 50.000 til 70.000 frå 1960 til 1970. Utviklinga var ikkje annleis i Møre og Romsdal: Talet på gymnasiastar i fylket var 450 i skuleåret 1950/51, 1000 i 1960/61 og 2500 i 1970/71. Dei sykkylvsungdomane som ønskte å ta vidaregåande utdanning måtte anten reise til [[Volda]] eller til [[Ålesund]]. Utover i 1960-åra var det fleire som byrja å snakke om at det no var på tide å arbeide for ein vidaregåande skule i kommunen. Gymnasiasten [[Erling Ekornes]] skreiv eit innlegg om dette i [[Sykkylvsbladet]] i [[1966]]. ”Sykkylvsbygda vert tappa både for kjøpekraft og åndsevner når utdanningssøkjande ungdom må reise ut av bygda for å skaffe seg vidaregåande utdanning,” Det var ikkje vanskeleg å føre prov for denne påstanden. Ungdom som reiste ut av bygda som 16-åringar for å gå på vidaregåande skule, var tapte for bygda i ein treårsperiode. Mange søkte også høgare utdanning, og for dei fleste av desse var det vanskeleg å finne høveleg arbeid i heimbygda.
I 1960- og 70-åra vart det meir og meir vanleg å ta vidaregåande utdanning. Det skjedde nærast ein utdanningseksplosjon i desse åra, noko ein kan vise med følgjande tal: Elevtalet i gymnaset vart femdobla på landsbasis frå 1950 til 1970. Elevtalet på fag- og yrkesskular auka frå kring 50.000 til 70.000 frå 1960 til 1970. Utviklinga var ikkje annleis i [[Møre og Romsdal]]: Talet på gymnasiastar i fylket var 450 i skuleåret 1950/51, 1000 i 1960/61 og 2500 i 1970/71. Dei sykkylvsungdomane som ønskte å ta vidaregåande utdanning måtte anten reise til [[Volda]] eller til [[Ålesund]]. Utover i 1960-åra var det fleire som byrja å snakke om at det no var på tide å arbeide for ein vidaregåande skule i kommunen.</onlyinclude> Gymnasiasten [[Erling Ekornes]] skreiv eit innlegg om dette i [[Sykkylvsbladet]] i [[1966]]. «Sykkylvsbygda vert tappa både for kjøpekraft og åndsevner når utdanningssøkjande ungdom må reise ut av bygda for å skaffe seg vidaregåande utdanning». Det var ikkje vanskeleg å føre prov for denne påstanden. Ungdom som reiste ut av bygda som 16-åringar for å gå på vidaregåande skule, var tapte for bygda i ein treårsperiode. Mange søkte også høgare utdanning, og for dei fleste av desse var det vanskeleg å finne høveleg arbeid i heimbygda.

== Gymnas? ==
Dei første spede planane om ei vidaregåande utdanning i Sykkylven gjaldt ei tradisjonell gymnasutdanning. I 1964 tok Sykkylven kommune, ved Ola Longva, kontakt med [[Folkeuniversitetet]] i Ålesund for å få undersøkt vilkåra for etablering av eit gymnastilbod gjennom brev- og støtteundervisning.  Parallelt med dette arbeidde [[Sykkylven Industrilag]] med planane for å få til ei yrkesretta utdanning meint for den lokale møbelindustrien. Det gjaldt eit tapetserarkurs som skulle organiserast som eit tiande år etter den obligatoriske 9-årige skulen. Det vart ikkje noko av desse initiativa, men dei er likevel viktige, for dei synleggjorde at det var ei erkjenning av at Sykkylven no måtte plassere seg på kartet for å vere med på den utviklinga som skjedde elles i samfunnet når det gjaldt veksten av utdanningstilbod. Ei bygd som ikkje hadde utdanningsplassar for ungdom over 16 år, kunne lett hamne på defensiven, og det var ikkje likt ei industrikommune som hadde nasjonale og internasjonale ambisjonar. Det var difor natuleg at dei som ivra for ein vidaregåande skule i Sykkylven såg for seg ein kombinasjonsskule med både yrkesfaglege og allmene linjer.

Linje 10: Linje 12:
Skulepådrivarane i Sykkylven såg at dersom ein kunne etablere tett kontakt med det lokale næringslivet, slik at ein del av undervisninga kunne leggjast til bedriftene, så ville skulen få redusert sine utstyrskostnader. Dette ville vere eit viktig argument andsynes løyvande og godkjennande styresmakter. Ein kunne også vise styresmaktene at det var ei sterk lokal vilje å få til eit vidaregåande opplæringstilbod på brei basis. Men det var mange skjer i sjøen enno.

For å få etablert ein vidaregåande skule måtte ein mellom anna vinne fram med argumentasjonen på fylkeskommunalt hald. Det  var fylkeskommunen som vedtok kvar dei forskjellige vidaregåande skulane skulle vere og kva slags tilbod dei skulle ha. På fylkesplan såg dei med ein viss skepsis på planane frå Sykkylven om ein fullverdig vidaregåande skule med både yrkesfag og allmenfag til topps, det vil seie eit treårig allmenfagleg utdanningsløp. I fylkeskommunen var det seint i 1960-åra planar om å utvikle einskilde kommunar til regionsenter. I vår region var det [[Stranda]] som skulle vere senteret. Fylkeskommunen meinte såleis at det var denne kommunen som skulle ha fulle studietilbod innan allmenfag. Stranda låg geografisk mest sentralt i regionen. Sykkylvingane ville då få tilbod om ei allmenfagleg utdanning både på Stranda og i Ålesund, i tillegg til Volda, og då skulle trongen vere stetta. Det var skepsis hos skuleplanleggarane mot å etablere for små skulemiljø, ein var redd for at det faglege tilbodet ville bli for svakt og at læringsmiljøet ville bli lite stimulerande både for elevar og lærarar.
For å få etablert ein vidaregåande skule måtte ein mellom anna vinne fram med argumentasjonen på fylkeskommunalt hald. Det  var fylkeskommunen som vedtok kvar dei forskjellige vidaregåande skulane skulle vere og kva slags tilbod dei skulle ha. På fylkesplan såg dei med ein viss skepsis på planane frå Sykkylven om ein fullverdig vidaregåande skule med både yrkesfag og allmenfag til topps, det vil seie eit treårig allmenfagleg utdanningsløp. I fylkeskommunen var det seint i 1960-åra planar om å utvikle einskilde kommunar til regionsenter. I vår region var det [[Stranda (Møre og Romsdal)|Stranda]] som skulle vere senteret. Fylkeskommunen meinte såleis at det var denne kommunen som skulle ha fulle studietilbod innan allmenfag. Stranda låg geografisk mest sentralt i regionen. Sykkylvingane ville då få tilbod om ei allmenfagleg utdanning både på Stranda og i Ålesund, i tillegg til Volda, og då skulle trongen vere stetta. Det var skepsis hos skuleplanleggarane mot å etablere for små skulemiljø, ein var redd for at det faglege tilbodet ville bli for svakt og at læringsmiljøet ville bli lite stimulerande både for elevar og lærarar.

== Samarbeid med forskarar ==
== Samarbeid med forskarar ==
Linje 20: Linje 22:

== Spreidd undervisning ==
== Spreidd undervisning ==
{{thumb høyre|Sykkylven vdg. skule 1.jpg|Sykkylven vidaregåande skule i 2000-åra.|Rolf Haxthow}}
Det var med stor spenning dei skuleinteresserte i Sykkylven såg fram mot fylkesplanen for dei vidaregåande skulane som vart gjort delvis kjent i [[1971]]. I den gjekk det fram at Sykkylven kommune skulle få ein vidaregåande skule, men sigeren var berre halv. Skulen skulle ha yrkesfaglege grunnkurs innan husstell, saum, handelsfag og mekaniske fag og eit første år i allmenfag. Dei to følgjande åra måtte allmenfagelevane ta på Stranda. Eldsjelene hadde ikkje tenkt å gje seg før det vart eit treårig allmenfagtilbod i Sykkylven. På dei lokale reaksjonane kunne det verke som om mismotet over at det ikkje vart ein fullverdig allmenfagleg skule var større enn det mismotet som vart følt over at det ikkje vart noko tilbod retta inn mot møbelindustrien, den heilt sentrale næringa i kommunen. Eit møbelfagleg kurs hadde vore framme i planane i startfasen, men etter kvart hadde det falle vekk fordi det viste seg vanskeleg å få til godkjende fagplanar i tida fram til planlagt skulestart og fordi det vanta læremateriell. Det skulle gå mange år før eit grunnkurstilbod i tapetserar- og snikkarfag kom på plass ved skulen. Det skjedde først i [[1994]], i samband med innføringa av [[Reform -94]]. Møbelbedriftene måtte lenge ta hand om opplæringsoppgåvene sjølve, og det ordna dei greitt; for det gjekk nok lenger tid enn mange tenkte å bli kvitt dei einsformige og enkle arbeidsoppgåvene i seriebasert akkordarbeid i industrien.

Linje 42: Linje 45:

== Lærarar ==
== Lærarar ==
*[[Malvin Misje]] 1977-?, inspektør frå 1978
*[[Malvin Misje]] 1977-2006, inspektør frå 1978
*[[Toril Helene Strandabø]] 1986-?, lærar i m.a. norsk
*[[Toril Helene Strandabø]] 1986-2005, lærar i m.a. norsk

==Kjelde==
==Kjelde==
*[[Eldar Høidal]]: ''Sykkylven vidaregåande skule 25 år'', Sykkylven 1999.
*[[Eldar Høidal]]: ''Sykkylven vidaregåande skule 25 år'', Sykkylven 1999.
{{artikkelkoord|62.393897|N|6.589516|Ø}}

[[Kategori:Sykkylven leksikon]]
[[Kategori:Sykkylven leksikon]]
[[Kategori:Utdanning]]
[[Kategori:Sykkylven kommune]]
[[Kategori:Sykkylven kommune]]
[[Kategori:Videregående utdanning]]
[[Kategori:Videregående utdanning]]
[[Kategori:Etableringer i 1974]]
[[Kategori:Etableringer i 1974]]
{{F2}}
{{nn}}
Veiledere, Administratorer
164 188

redigeringer