Synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim

Den noverande synagogen i Trondheim ligg i Arkitekt Christies gate 1B i Trondheim. Bygninga vart opphavleg bygd som endestasjon for Trondhjem-Størenbanen i 1864, med arkitekt Georg Andreas Bull, men vart seinare kjøpt av Frelsesarméen. Det Mosaiske Trossamfund kjøpte så bygninga i 1924, og etter omfattande ombyggingsarbeid vart den nye synagogen innvigd tysdag kveld den 13. oktober 1925.

Synagogen og det jødiske museet i Arkitekt Christies gate i Trondheim.

Under andre verdskrigen vart synagogen konfiskert av nazistane (1941), og dei gjorde mykje skade på interiøret. Etter omfattande reparasjon vart synagogen attinnvigd hausten 1947.

I 1997 vart det jødiske museet opna i eit rom i synagogebygninga. Restitusjonsfondet gjorde det muleg å utbetre bygninga, og frå sommaren 2000 vart det gjort omfattande restaurering og ominnreiing av 1. etasje. Synagogen vart attopna i 2001 — no bl.a. med bibliotek, multimediasenter og eit kraftig opprusta jødisk museum. Særleg sentrale i dette arbeide vart Julius Paltiel og Vera Kommisar.

Interiør: mørkegrøne benker, og elles lyse pastellfargar. Bimen er plassert litt framom midten i typisk asjkenazisk ortodoks stil, og dei fleste benkeradene snur mot «or’n keides» (Hekhál, toraskåpet). Det er eit galleri som tradisjonelt blir bruka som kvinnegalleri, men praksis i dag varierer noko.

Bildegalleri

Kjelder