Synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. mar. 2008 kl. 15:58 av Cnyborg (samtale | bidrag) (kat)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Trondheim jodiske museum.jpg
Synagogen og det jødiske museet i Arkitekt Christies gate i Trondheim.

Den noverande synagogen i Trondheim ligg i Arkitekt Christies gate 1B i Trondheim. Bygninga vart opphavleg bygd som jarnbanestasjon i 1864, men vart seinare kjøpt av Frelsesarméen. Det Mosaiske Trossamfund kjøpte så bygninga i 1924, og etter omfattande ombyggingsarbeid vart den nye synagogen innvigd tysdag kveld den 13. oktober 1925.

Interiør av synagogen i Trondheim hausten 1995.
Foto: Olve Utne

Under andre verdskrigen vart synagogen konfiskert av nazistane (1941), og dei gjorde mykje skade på interiøret. Etter omfattande reparasjon vart synagogen attinnvigd hausten 1947.

Interiør sommaren 2007.
Foto: Olve Utne

I 1997 vart det jødiske museet opna i eit rom i synagogebygninga. Restitusjonsfondet gjorde det muleg å utbetre bygninga, og frå sommaren 2000 vart det gjort omfattande restaurering og ominnreiing av 1. etasje. Synagogen vart attopna i 2001 — no bl.a. med bibliotek, multimediasenter og eit kraftig opprusta jødisk museum.

Interiør: mørkegrøne benker, og elles lyse pastellfargar. Bimen er plassert litt framom midten i typisk asjkenazisk ortodoks stil, og dei fleste benkeradene snur mot «or’n keides» (Hekhál, toraskåpet). Det er eit galleri som tradisjonelt blir bruka som kvinnegalleri, men praksis i dag varierer noko.

Kjelder