Tea Kummen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tea Kummen 1954. Utsnitt av familiebilete. Fotograf ukjent.

Tea Kummen (fødd i Skjåk 17. august 1893, død same stad 30. januar 1979) var lærar og barnebokforfattar. På ein nokså markant måte braut ho med kjønns- og alderskonvensjonar i si samtid, mellom anna ved at ho tok snikkarutdanning da ho var 60 år gammal. Ho gjekk sterkt inn for målsaka, og var ein betydningsfull aktør i språkskiftet til nynorsk i Skjåk.

Ho var fødd og oppvaksen på garden Kummen i Reppen i Skjåk, og budde der også det meste av sitt vaksne liv. Foreldra var gardbrukarparet Tore Iversen Kummen (fødd 1846) og Goro Olsdotter (fødd Løkre 1856). Tea var nummer 10 i ein syskenflokk på 12. Ho var ikkje gift.

Fagutdanninga fekk Kummen ved lærarskulen på Hamar og med eit års vidareutdanning på Noregs lærarhøgskule. Fyrste lærarstillinga si hadde ho i Fåberg i 1915. Deretter var ho tilsett ved Marlo skule i Skjåk frå 1916 til 1944. Ho underviste mest i småskulen på 3. og 4. klassetrinn.

Den fyrste barneboka, Villvuru, kom ut i 1931. Deretter kom Den blå bringeduken (1933), og sidan Villveng (1947) og Tonen frå blåtaket (1968). Kummen skreiv elles mykje i Norsk barneblad. For vaksne skreiv ho ein del lokal- og kulturhistoriske stykke, mellom anna i Årbok for Gudbrandsdalen. I den bygdeboka som kom ut til kommunejubileet for Skjåk i 1966, har Kummen ei utgreiing om utvandringa frå Skjåk til Bardu og Målselv. Ho var medlem av det fyrste styret i Skjåk Historielag, som vart stifta i 1932.

Tea Kummen var musikalsk. Ho song og spela fleire instrument. Familiebilete.

Tea Kummen skreiv alltid på nynorsk, og var ei ihuga talskvinne for målsaka. Det vart særleg synbert da ho engasjerte seg sterkt for å få landsmål innført i Marlo skulekrins, noko som skjedde etter ein oppheita strid i 1925. Den 22. mars det året, kvelden før krinsavrøystinga om saka, vart det halde folkemøte for landsmålet. I følgje referatet i avisa Laagen heldt Tea Kummen der «eit framifrå greidt og saklegt foredrag um målspursmålet i skula. Viste fram ved døme kor mykje nærare landsmålet låg Skjåkmålet enn riksmålet».

I 1928 vart det stilt eiga kvinneliste til kommunevalet i Skjåk. Der figurerte Tea Kummen saman med andre kjende kvinner i bygda, frå ulike sosiale lag og med seinare påviseleg ulike partipolitiske syn. Lista i 1928 fekk rett nok ikkje nokor veljaroppslutning, men er ein indikasjon på at Tea Kummen var oppteken av likestilling for kvinner. Det viste ho også ved at ho var ein ivrig snikkar og treskjerar. Før krigen bygde ho seg hytte ved Pollvatnet i Billingsdalen i Skjåk, nokså mykje eigenhendig. I 1953 vart ho den fyrste kvinnelege eleven ved handverksskulen HjerleidDovre, som hospitant på snikkaravdelinga.

Ut over målsaka og likestillingsspørsmålet kan ikkje Kummen sjåast å ha vore politisk aktiv og heller ikkje så mykje med i foreiningslivet elles.

Tea Kummen var musikalsk. Ho hadde ei vakker songrøyst, og underheldt gjerne ved ymse tilstellingar. Ho spela også fele og langleik og tangentinstrument til skulebruk.


Kjelder og litteratur

Eksterne lenker