Tinn kommune: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
mIngen redigeringsforklaring
m ({{nn}})
Linje 46: Linje 46:
[[Kategori:Tinn kommune|  ]]
[[Kategori:Tinn kommune|  ]]
{{artikkelkoord|59.8787|N|8.59467|Ø}}
{{artikkelkoord|59.8787|N|8.59467|Ø}}
{{nn}}

Sideversjonen fra 27. jan. 2016 kl. 13:44

Sjå også artikkelen om Tinn.
Tinn
0826 Tinn komm.png
Basisdata
Kommunenummer 0826
Fylke Telemark
Kommunesenter Rjukan
Areal 0  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 0  km²
Folketall (2018)
Grunnlagt 1838
Sammenslåing(er) 1964 (delar av Hovin)
Målform Nøytral
Nettside Nettside
Liste over ordførarar

Tinn kommune ligg i Telemark fylke. Kommunen grensar i nord og aust mot Buskerud fylke (kommunane Nore og Uvdal, Rollag og Flesberg), i vest og sør mot telemarkskommunane Vinje, Seljord, Hjartdal og Notodden.

Dagens kommune vart oppretta i 1964, da det tidlegare Hovin herad vart delt mellom Tinn og Notodden. Det opphavlege Tinn herad frå 1838 fall saman med Tinn prestegjeld, som da bestod av sokna Hovin, Atrå, Mæl og Dal. Hovin sokn vart skilt ut frå Tinn og lagt til Gransherad i 1860.

Tinn kommune omfattar Rjukan by, industristad og kommunesentrum. Rjukan har ein eigen plass i historia om motstandsrørsla under andre verdskrigen, spesielt på grunn av Tungtvassaksjonen i 1943, og fordi ei rad av dei fremste motstandsfolka kom frå Rjukan, deriblant Gunnar Sønsteby. Med sine ca. 3300 innbyggjarar (2012) har byen godt og vel halvparten av befolkninga i kommunen. Andre, mindre tettstader eller bygdesentra er Miland, Atrå, Austbygde og Hovin.

Kommunen forandra sterkt karakter da Rjukan-fossen vart utbygd og Norsk Hydro etablerte verksemd i Vestfjorddalen tidleg på 1900-talet. Framleis er det ein god del jordbruk og skogbruk i kommunen, og kommunen omfattar store høgfjellsområde, mellom anna med søraustre delen av Hardangervidda. Gaustatoppen (1883 moh) ligg i Tinn, rett opp for Rjukan. Før jordbruket vart mekanisert, var Tinn kjent for sine mange ljåsmedar. Bygda er elles kjend for folkekunst, særleg felespel og rosemåling.

Befolkningsutviklinga har hatt store svingingar. På 1800-talet skjedde det som følgje av ei særleg omfattande utvandring til Amerika, på 1900- og 2000-talet fyrst og fremst på grunn av industriutbygginga på Rjukan og skiftande konjunkturar for næringslivet der i tida som har følgt. Før industrialiseringa budde det litt over 3000 menneske i kommunen (3200 i år 1900). I løpet av ein tjueårsperiode steig talet til 12200 (1920). Frå 1960-åra har talet gått nedover til litt over 6000 i 2011.

Kommunevåpenet symboliserer kor viktig vasskrafta har vore for kommunen, men dei fem vassdropane står samstundes for dei fem viktigaste elvane med dalføre som munnar ut i Tinnsjøen: Skirva i Hovin, Tessungdalen med Tessung-/Austbygdåe, Gauset med Mår, Gjøystdal med Gjøyst og Vestfjorddalen med Måna.

Sjå også

Galleri

Eksterne lenkjer

Koordinater: 59.8787° N 8.59467° Ø