Tor Vaa

Tor Vaa (1864 i Rauland, død 1928 i Kviteseid). Han gjekk på Telemark Folkehøgskule og også på jorbruksskule. Han var fyrst gardbrukar i heimbygda, men flytta som 30-åring til Kviteseid, der han budde til 1922. Også her var han gardbrukar og dessutan skogeigar. Han dreiv også med hagebruk.

For å fremje jord- og hagebruket i Rauland og Kviteseid, skipa han eit fond på 50 000 kroner for kvar bygd. Han bidrog også til å etablere ei jordbruksskule på Søve og til å få i gang eit lite elektisitetsverk i Kviteseid.

Vaa var ein del av norskdomsrørsla. Han skreiv mellom anna i Fedraheimen og deltok aktivt i ungdomsarbeid. Før han flytta til Kviteseid var han ei tid ordførar for Venstre i Rauland.

Vaa gifta seg med Marie (f. Roholdt 1866). Dei fekk borna Aslaug, Ingebjørg (f. 1893), Hjørdis (f. 1895), Arne (f. 1898) og Dyre Vaa (1903-1980).

Kjelder og litteratur