Torgeir Augundsson (Myllarguten): Forskjell mellom sideversjoner

Ingen redigeringsforklaring
Linje 60: Linje 60:
==Seinste levetida==
==Seinste levetida==

Dei siste åra budde Myllarguten på Kósi ovanfor [[Rauland]], no kjend som [[Myllarheimen]]. No var han vrang og ville helst ikkje spele meir. Han døydde den [[21. november]] [[1872]], 71 år gammal. Rikard Berge fortel at likfølgjet berre var ein [[pram]]. Ingen la blomar på kista. «Fatig livde han og fatigsleg døydde han; fatigt og faament var fylgje som førde Noregs beste spelemann til jordi» (Rikard Berge). Seinare vart det sett opp ein minnestein for han på Rauland kyrkjegard, der han vart gravlagd. Det er òg ei støtte over han i Sauherad, der han vart fødd.
Dei siste åra budde Myllarguten på Kósi ovanfor [[Rauland]], no kjend som [[Myllarheimen]]. No var han vrang og ville helst ikkje spele meir. Han døydde den [[21. november]] [[1872]], 71 år gammal – eller 73 om han vart fødd i 1799. Rikard Berge fortel at likfølgjet berre var ein [[pram]]. Ingen la blomar på kista. «Fatig livde han og fatigsleg døydde han; fatigt og faament var fylgje som førde Noregs beste spelemann til jordi» (Rikard Berge). Seinare vart det sett opp ein minnestein for han på Rauland kyrkjegard, der han vart gravlagd. Det er òg ei støtte over han i Sauherad, der han vart fødd.

Myllarguten var det telemarkingane kallar eit «flògvet». Han var snøgg til å støype ihop gamle former til nye, snar til å byggje ut store slåttar av små. Han har ord på seg for å ha støypt om telemarksspelet til det det er i dag. Myllartradisjonen kom til å feste seg best i Vest-Telemark, der sønene hans vart buande. Den tradisjonslina er ei av to hovudliner i slåttetradisjonen i Telemark ned til i dag. Den andre lina kjem frå [[Håvard Gibøen]].