Torkild Gunnheims veg

Torkild Gunnheims vegGvarv i Midt-Telemark kommune går sørover frå Gvarvgata til Gamlegata og er 124 meter lang.

Torkild Gunnheims veg sett nordover frå Gamlegata.
Foto: Roy Olsen (2018).

Vegen er kalla opp etter Torkild T. Gunnheim (1845–1911) og blei namnsett i 1999.

Torkild Gunnheim har betydd mykje for utviklinga av tettstaden Gvarv, og særleg Gamlegata. Han kjøpte tomter og sette opp gamle tømmerhus som han henta frå bygdene rundt. Dei blei påbygde, modernisera og fekk utvendig panel. Gunnheim tok også initiativ til oppstarting av meieridrift med smør- og osteproduksjon. Meieriet heldt til i tre forskjellige bygningar før verksemda blei flytt til Notodden. Gunnheim virka som lærar frå 1862 ved Jonsås, der han underviste i 49 år.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Lodberg-Holm, Brita og Skjeldal, Olav H.: Bevaringsplan for Gamlegata, Gvarv. Rapport 1990. Sauherad skole- og kulturforlag, 1991. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Lions Club Sauherad: Velkommen til Gvarv og Ei vandring i Gamlegata (udatert hefte).


Koordinater: 59.38766° N 9.17244° Ø