Torsbergåsen (veg i Bø i Telemark)

Sideversjon per 15. aug. 2022 kl. 23:03 av Rool (samtale | bidrag) (Redigert teksten.)

Torsbergåsen er ein 228 meter lang blindveg på Nordbø i i Midt-Telemark kommune som går aust- og nordover frå Huldrevegen i Torsbergåsen bustadfelt som består av 11 einebustader.

Parti frå Torsbergåsen.
Foto: Roy Olsen (2017).

Vegen blei namnsett i 1999. Kva som ligg til grunn for namnet Torsbergåsen, veit ein ikkje, men det kan skuldast ei mistyding. Namnet Torsbergåsen er ikke kjend frå gamalt av, men det er derimot Torskåsåsen. I 1825 kjøpte Halvor Torsteinsson på Nordistugu Nordbø Huldrejordet og Torskåsåsen ifølge Bø-soga.

Ørnulf Nordbø (1925–2009), som budde på Nistugu Nordbø heile livet, meinte namnet Torsbergåsen var feil, og at det skulle ha vore Torskåsåsen.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Bøsoga, Gards- og ættesoga band I ved Stian Henneseid, s. 206 og 208.


Koordinater: 59.40925° N 9.03322° Ø