Torsbergåsen (veg i Bø i Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. jul. 2017 kl. 23:50 av Rool (samtale | bidrag) (Oppretter side)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Parti frå Torsbergåsen.
Foto: Roy Olsen (2017).

Torsbergåsen på Nordbø i Bø i Telemark deler seg i to greiner nordover frå Nordbøvegen ved Huldrejordet.

Vegen er om lag 370 m lang og busetnaden, som utgjer Torsbergåsen bustadfelt, består av 12 einebustader.

Namneopphavet her er uklårt. Namnet Torsbergåsen er ikke kjendt frå gamalt av. Det er derimot Torskåsåsen. Ørnulf Nordbø (1925–2009), som budde budde på Nordbø heile livet, meinte namnet var feil, og at det skulle ha vore Torskåsåsen. I Bø-soga er namnet Torskåsåsen nemnt to gonger i omtala av Nordistugo Nordbø.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Bøsoga, Gards- og ættesoga band I ved Stian Henneseid, s. 206 og 208.


Koordinater: 59.40925° N 9.03322° Ø