Torvtekking: Forskjell mellom sideversjoner

f2
({{nn}})
(f2)
Linje 4: Linje 4:
<onlyinclude>Historisk var torvtak mykje bruka i byane òg, men på grunn av den store faren for smittebrann i dei tettbygde byane gjekk dei så å seie heilt or bruk. Frå [[1980-åra]] av, da torvtak fekk ein renessanse, har det òg komme enkelte byhus med torvtak att. </onlyinclude>

Tradisjonelle torvtak har eit undertak av bord ([[taktro|tro]]), eit lag med [[bjørk]]enever og gjerne to lag [[torv]] øvst. Mange stader vart det bruka myrtorv i det nedste laget. Myrtorva drenerte betre og gav betre isolasjon mot kulda. No blir det oftast bruka plastplater med knastar som tettesjikt i staden for bjørkenever. I det øvste laget eignar myrtorva seg dårlegare fordi ho krympar lettare og sprekk opp ved uttørking.
Tradisjonelle torvtak har eit undertak av bord ([[taktro|tro]]), eit lag med [[bjørkenever]] og gjerne to lag [[torv]] øvst. Mange stader vart det bruka myrtorv i det nedste laget. Myrtorva drenerte betre og gav betre isolasjon mot kulda. No blir det oftast bruka plastplater med knastar som tettesjikt i staden for bjørkenever. I det øvste laget eignar myrtorva seg dårlegare fordi ho krympar lettare og sprekk opp ved uttørking.

== Tradisjonell tekking med torv på [[never]] ==
== Tradisjonell tekking med torv på never ==
[[Image:Heidal.jpg|thumb|left|Torvtak i [[Heidal]], [[Gudbrandsdal]].{{byline|Roede}}]]  

Det innarbeidde namnet «torvtak» kan gje inntrykk av at torva er hovudsaka. Men torva er berre den mest synlege delen av torvtaket, som like gjerne kunne heitt «nevertak». [[Bjørk]]enever var i eldre tid den viktigaste delen av torvtaket. Never var det aktive, vasstette laget i tekkinga.
Det innarbeidde namnet «torvtak» kan gje inntrykk av at torva er hovudsaka. Men torva er berre den mest synlege delen av torvtaket, som like gjerne kunne heitt «nevertak». Bjørkenever var i eldre tid den viktigaste delen av torvtaket. [[Never]] var det aktive, vasstette laget i tekkinga.

For folk flest i dag er ''utsjånaden'' poenget ved eit torvtak. Denne måten å tenkje på har opna for alskens moderne erstatningsmaterialar under torva. For om eit torvtak bare er ein måte å sjå ut på, er det ikkje så viktig kva som ligg under, berre taket ikkje lek. Men på eldre torvtak var bjørkenever ein helt nødvendig føresetnad.   

Linje 46: Linje 46:
Bordtak var ikkje heilt einerådande i gamle dagar. Andre trotypar som kan gå tilbake til forhistorisk tid har overlevd lenge nokre stader, mest under enkle tilhøve og i uthus og utmarkshus. Undertak av kløyvd virke (''skived'', ''farved'') eller staur (i Gudbrandsdal «rundhællingo») er nokre slike eksempel. Sjølve ordet ''tro'' kan i seg sjølv tyde ‘[[stong|stenger]]’ eller ‘[[staur]]ar’.<ref>{{Nynorskordboka|Tro}}</ref> Dermed er det rimeleg å tru at undertak med staur eller skier var det vanlegaste i eldre tider. Truleg vart bordtro berre bruka på særleg fine hus den gongen kvart bord måtte telgjast med øks fra en kløyvd stokk, før [[oppgangssag]]er gjorde borda rimelegare. Til uthus vart det ofte valt mindre kostbare og arbeidskrevande trotypar. Det finst òg opplysningar om bruk av [[eine]]kvistar eller samanbunta småkvist som undertak i eldre tid, truleg på ei form for ''lekter'' eller ''tilfar'' av staur eller skier.

=== [[Never]] ===
=== Never ===
[[Bjørk]] finst over alt i Skandinavia nordanføre Danmark, og nevra lèt seg lett flekke av til riktig årstid. Tida føre og kring [[jonsok]] vart rekna som den beste tida for dette mange stader, avhengig av lokalt klima og høgd over havet. I mange fjellbygder kan nevra flekkast heilt til midten av august. Nevra blir teken frå tre med diameter frå 8 til 30 cm, mest muleg rettvaksne, glatte og frie for kvistar og sår. Med ein skarp kniv skjer ein eit loddrett snitt, men ikkje gjennom bastlaget og inn i veden. Flaket blir så breitt som snittlengda og så langt som omkretsen på stamma. Til tekking kan alle format brukast, frå mesta meterlange flak til småe lappar på størrelse med ei handflate. Men idealet er jamstore flak med breidd og lengd frå 30 til 50 cm.

Linje 120: Linje 120:

== Torvtak utan never ==  
== Torvtak utan never ==  
Torvtak gjekk ut av den vanlege byggjeskikken tidleg på 1900-talet, men kulturminnevernet, friluftsmusea og hyttefolket ville halde på torvtaka. Grunnen til dette var i all hovudsak ''[[estetikk]]en'': Utsjånaden var det viktigaste, og «djupstrukturen» med nevra som viktigaste delen vart lagt til sides. Nevra var dyr og vanskeleg å skaffe og nevertekkinga arbeidskrevande. Ho var sett på som eit upraktisk og umoderne element som det galdt å erstatte med noko meir praktisk. Derfor leita dei etter materialar som kunne gje eit tett underlag for torva til rimelegare pris. Musea og kulturminnevernet gjekk over til å vedlikehalde torvtak med erstatningsmaterialar òg.

Linje 210: Linje 209:
[[Kategori:dugnad]]
[[Kategori:dugnad]]
{{nn}}
{{nn}}
[[Kategori:F2]]