Tosten Olsen Oppnåsen: Forskjell mellom sideversjoner

Utbygging
Ingen redigeringsforklaring
(Utbygging)
Linje 25: Linje 25:

Det er fortalt om Musken at når det hadde vore fest ein stad, og han sjølv ikkje hadde vore med, spurde han: «Slost døm bra der?». Olav T. Kvaale, som hermar dette, gjev elles denne karakteristikken av den særmerkte personlegdomen: «Muske-Tosten var flink til å skryte, betre til å skrøne, låkare til å stela og låkast til å koma frå det. – Oss lyg og stell alt for lite alle samen, hermer dei etter ’om.»

== Bakgrunn og familie ==
Tosten Olsen var fødd på husmannsplassen Oppnåse i [[Skjåk Almenning|Skjåk-ålmenninga]].<ref>[http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070603510308.jpg Kyrkjebok for Lom]</ref> Foreldra var husmann Ola Tostensen  (1793-1850) og kone Elisabeth (Lisbet) Jakobsdotter (1795-1830).<ref>Ættebok for Skjåk I side182</ref> Tosten var den sjuande i rekkja av åtte heilsysken og ein halvbror. Mora døydde i barselseng året etter at Tosten var fødd.
Han gifta seg i 1861 i Lom med Oline Ottarsdotter (1828-1882). <ref>[http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060626060175.jpg Klokkarbok for Lom hovudsokn nr. 12]</ref>) Ho var fødd på [[Frøyse]] i Lom (blant «uplasserte» under den garden i bygdeboka) og døydde på plassen Blakarseige. Tosten kalla visst kona si for Olea. Folk herma dette etter han (han likte å knote bymål):
:Briskens skare ut på vakt
:Olea min kone , vær ei forsagt
Og:
«Olea min kone og Lea min datter.» Men «Lea» stemmer dårleg med opplysningane om familien i kyrkjebøkene og folketeljingane. Tosten og Oline fekk to born: Barbro (fødd 1861) og Ola (fødd 1872).<ref>Kolden, J. 2002:487.</ref>
Tre år etter at Oline døydde, gifta Tosten seg på nytt i 1885 med Marit Persdotter. Ho var fødd på Nedre Haugen i Lom i 1828.  Ho døydde allereie tre år etter at ho og Tosten gifta seg.
== Referansar ==
<references/>
Veiledere, Administratorer
9 032

redigeringer