Tosten Pålsen Auale

Sideversjon per 28. jan. 2015 kl. 19:04 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Tosten Pålsen Auale''' (fødd i Skjåk 29. november 1845, død same stad 1. juni 1924), var gardsarbeidar og småbrukar. Han er betre kjend under kallenamnet...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Tosten Pålsen Auale (fødd i Skjåk 29. november 1845, død same stad 1. juni 1924), var gardsarbeidar og småbrukar. Han er betre kjend under kallenamnet Raudskjegg-Tosten eller Tosten Raudskjegg, som diktaren Olav Aukrust nytta som tittel på eit dikt. Eit anna oppnamn på Tosten Pålsen var Budei-Tosten, som viste til det yrket som Tosten mykje attåt hadde ein monaleg del av livet. Han var fjøsrøktar på ymse gardar i Skjåk før han sjølv vart småbrukar nedst i Bøverdalen i Lom. Han blir stundom også omtala som Tosten Nørjordet etter namnet på bruket han overtok.