Trengenvegen

Trengenvegen ved Holtsås i Sauheradsfjella i Midt-Telemark kommune er ein 3 354 meter lang skogsbilveg som går søraustover frå Seterdalsvegen nord for Brennaåsen til snuplass ved Trengen.

Trengenvegen sett austøver frå Seterdalsvegen.
Foto: Roy Olsen (2021).

Vegen har namn etter den tidlegare stulen Trengen som lå nær vegens ende.

Tidlegare skogbrukssjef Halvor Fjones namnsette denne og mange andre skogsbilvegar i Sauherad kommune med innspel fra grunneigarane. Vegane blei skilta i 2001–2002 med treskilt. Offisielt namnevedtak blei gjort i 2016.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Sauherad kommune, Utvalg for næring, plan og teknikk, div. dok.


Koordinater: 59.45460° N 9.35420° Ø