Veiledere, Administratorer
9 032
redigeringer
(Namnekorreksjon) |
(Tilleggsopplysningar) |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''[[Trygve Bjørgo]]''' (fødd 5. januar 1916 i [[Nord-Aurdal]], død 2. mars 1997) var lyrikar, skulemann og aktiv i målrørsla. Bjørgo | '''[[Trygve Bjørgo]]''' (fødd 5. januar 1916 i [[Nord-Aurdal]], død 2. mars 1997) var lyrikar, skulemann og aktiv i målrørsla. | ||
Han var fødd og oppvaksen på garden Nørdre Bjørgo på Sørskogen i Nord-Aurdal. Foreldra dreiv garden. Trygve var yngstemann i ein stor søskenflokk. | |||
I | I ungdomen arbeidde han ei tid heime på garden, men søkte så vidare skulegang. Han gjekk eit år på [[Valdres folkehøgskule]]. Seinare gjekk han [[Grimeland skoler|Grimelands privatskule]] i Oslo, som førde han fram til eksamen artium. Han tok språkleg-historisk embetseksamen med norsk som hovudfag ved Universitetet i Oslo 1947. I studietida var Bjørgo aktiv i Filologisk forening, der dei mellom anna ei tid arrangerte årlege "olympiadar" for song, dikt musikkstykke og liknande. I 1946 fekk Bjørgo sølvmedalje ved å lese eigne dikt. I 1947 var han med blant eit tjuetals studentar som gav ut Studentlyrikk. | ||
Fyrste stillinga etter avslutta utdanning var eit lektorat ved Grimeland skoler i 1948-1949. Frå 1949 var han lektor ved det nye [[Gudbrandsdal landsgymnas|Gudbrandsdal offentlege landsgymnas]] på [[Vinstra]], der han vart verande til 1964. Frå om hausten det året vart han tilsett som rektor ved det nystarta [[Valdres gymnas]] på [[Fagernes]]. | |||
Trygve Bjørgo var sterkt engasjert i målsaka og i anna kulturarbeid. Mellom anna var han formann i [[Austmannalaget]], og frå 1963 til 1965 leiar i [[Noregs Mållag]]. I tida si på Vinstra var han i 10 år leiar for riksteaternemnda i [[Nord-Fron]]. | |||
I [[Store norske leksikon]] heiter det om Bjørgo at «diktsamlingene hans er preget av sikker formsans og følsomhet både for tradisjonelle verdier og for samtidens problemer». Han bidrog også med tekster til trubaduren [[Ivar Simastuen]]s LP ''Prestekrager og timotei'' (1972). | |||
I 1961 fekk han [[Sunnmørsprisen]]. | |||
== Bibliografi == | == Bibliografi == | ||
Linje 24: | Linje 33: | ||
*[http://www.rockipedia.no/Vault.aspx?entity=219552 Rockipedia: «Prestekrager og timotei»] | *[http://www.rockipedia.no/Vault.aspx?entity=219552 Rockipedia: «Prestekrager og timotei»] | ||
*[http://snl.no/Trygve_Bj%C3%B8rgo Store norske leksikon] | *[http://snl.no/Trygve_Bj%C3%B8rgo Store norske leksikon] | ||
*Jubileumsomtaler i ''Velgeren'' 4.1.1966 og ''Valdres'' 4.1.1966. | |||
*Intervju med Bjørgo i ''Nationen'' 24.2.1962. | |||
{{DEFAULTSORT:BJØRGO, TRYGVE}} | {{DEFAULTSORT:BJØRGO, TRYGVE}} |