Tveitsund hotel

Sideversjon per 7. aug. 2019 kl. 13:19 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Ny side: miniatyr|"Tveitsund Turiststasjon" i 1953. {{bylin|Ukjend fotograf / [[Nasjonalbiblioteket}}]] '''Tveitsund hotel…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Tveitsund hotel (Tveitsund Turisthotel) blei bygd i 1915. Hotellet fekk seinare namnet Treungen Turiststasjon. Hotellet låg i Treungen i Nissedal kommune.

"Tveitsund Turiststasjon" i 1953. Mal:Bylin

Hotellet låg litt sør for der brua i Tveitsund kom tre år seinare. Det var Sondre Svalastog som fekk oppført bygningen. I 1916 kom Jenny Johnsen Noraberg til Treungen og vart styrar for hotellet. Ho hadde arbeida som kjøkkensjef ved Hotel Fønix i Arendal tidlegare, og det var slik Sondre blei kjent med ho og fekk ho til å bli styrar ved hotellet. Planen hennar var å arbeide der eit års tid, men sjebnen ville det annleis. Ho blei forlova med ein Andreas, og i 1918 kjøpte ho hotellet fro 25.000 kroner, og inventar for 10.000. Sidan dreiv ho det i 44 år.[1]

Kundegrunnlaget var turistane som reiste med båten og jarnbanen. Jenny fortalte sjølv korleis kvardagen arta seg på hotellet; "Dei kom med toget klokka 12 og skulle ha middag før båten gjekk klokka 14. Det var hardt å ha middag til så mange. Eg kunne ha opp til 50 stykke til middag."[2] Hotellet hadde plass til 30 gjester, og høgsesongen var i påska og på sumaren.

Hotelldrifta opphøyrde omkring 1962.

Referansar

  1. Åsen, 2000, s. 271.
  2. Åsen, 2000, s. 272.

Kjelder

  • Åsen, Kjell, Nissedal bygdesoge: Kultursoga: 1900-1999, Nissedal, 2000. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.