Tysnes Sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tysnes Sogelag vart stifta 20. oktober 1945 i samband med ein stor kulturkveld i Tysnesbygda, ein folkefest med eit tettpakka kulturprogram i ungdomshuset Vonheim.

På slutten av 1950-talet sette laget seg som mål å få skrive ei Tysnes-soge. Etter kvart vart arbeidet overlate til forfattaren Johannes Heggland. Det første bandet, som dekkjer historia fram til 1814, vart publisert i 1963. Det andre bandet kom i 1975.

Eit endå større bokprosjekt vart sett i verk på 1980-talet, då den seinare etnologen Ernst Berge Drange, som den gongen var student og sivilarbeidar, vart engasjert til å skriva ei gards- og ættesoge for Tysnes. Resultatet vart fire ruvande band som kom ut i perioden 1986 - 1981. I 2003 laga Drange eit eige registerband til gards- og ættesoga.

Sogelaget har elles gjeve ut bøkene Tysnesmålet av Johannes Heggland, samt ein større artikkelsamling om Heggland: Johannes Heggland - diktar og historikar.

Frå 2002 har sogelaget årleg gjeve ut årboka Sogeskrift for Tysnes, saman med ein kalendar med bilete frå dei fire kyrkjesokna i kommunen. Sogeskriftet inneheld artiklar av ymse slag, men det har óg kome ut temahefte om krigstida og utvandring. Redaktørar har vore Knut Rage (2002 - 2004), Kirsten Alsaker Kjerland (2005) og Mikal Heldal (frå 2006).

Forutan forlagsverksemd har laget arrangert foredragskveldar i samarbeid med Tysnes folkebibliotek, og arrangerar årleg også turar til historiske stader og plassar.

Tysnes Sogelag er medlem i Hordaland Sogelag og Landslaget for lokalhistorie. Sogelaget legg vekt på å samarbeida med andre lag og organisasjonar. Sidan 2010 er Mikal Heldal formann i laget, som i 2011 har drygt 200 medlemmar.


Utgjevingar

  • J. Heggland: Tysnes, det gamle Njardarlog, band I (1963)
  • J. Heggland: Tysnes, det gamle Njardarlog, band II (1975)
  • E.B. Drange: Tysnes Gards- og Ættesoge, band 1 (1986)
  • E.B. Drange: Tysnes Gards- og Ættesoge, band 2 (1987)
  • E.B. Drange: Tysnes Gards- og Ættesoge, band 3 (1989)
  • E.B. Drange: Tysnes Gards- og Ættesoge, band 4 (1991)
  • E.B. Drange: Tysnes Register (2003)
  • J. Heggland: Tysnesmålet (2007)
  • Mikal Heldal m.fl.: Johannes Heggland - diktar og historikar (2009)


Utgåande lenker

Tysnes Sogelag [1]