Underoffiser

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. nov. 2009 kl. 13:44 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Underoffiser''' var i Noreg yrkesnemning for militære befalingsmenn under fenriks grad. Med ei ny befalsordning frå 1930 vart denne yrkesnemninga oppheva i og med in...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Underoffiser var i Noreg yrkesnemning for militære befalingsmenn under fenriks grad. Med ei ny befalsordning frå 1930 vart denne yrkesnemninga oppheva i og med innføringa av einskapsbefalet. Frå da av måtte alt yrkesbefal frå og med sersjants grad ha gjennomgått befalsskole. Med eksamen artium kunne ein så gå vidare til Krigsskolen. Det nye var at ein nå kunne få offisersgrad utan å ha gått Krigsskolen.

Underoffisersgradane var ved avviklingstidspunktet frå nedst til øvst (hæren):

1) Korporal

2) Sersjant

3) Furer

4) Kommandersersjant

5) Fanejunker (i artilleriet stykkjunker, i kavaleriet standartjunker)

Gradsnemningane har variert noko over tid og våpenartane imellom.

På 1600- og det meste av 1700-talet vart underoffiserane tekne ut av dei meniges rekker og gjevne individuell vidareopplæring i avdelingane. I 1786 kom den fyrste underoffisersskolen («skriverskole»), nemleg for verva artilleristar, med tilhald på Akershus festning. I 1791 fekk eliteavdelinga Det norske gevorbne jegerkorps sin skole på Kongsvinger. I 1804 vart det oppretta skrivarskolar for infanteriet i alle garnisonsbyane, i alt sju stader. Kavaleriet fekk sin «ekserser- og rideskole» på Akershus tre år seinare. Frå da av kan ein seie at systemet med underoffiserskolar var etablert for heile hæren.