Uvdalvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. okt. 2018 kl. 23:11 av Rool (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Uvdalvegen sett vestover ved Hegna.
Foto: Roy Olsen (2016).
Uvdalvegen ved Uvdal gård.
Foto: Roy Olsen (2016).

Uvdalvegen i Bø i Telemark går vestover frå Lundevegen på Tjønnås og ender ved dei to Tveitengardane.

Vegen fekk namn etter storgarden Uvdal i 1988 og er om lag 7 km lang. I byrjinga går vegen gjennom jordbrukslandskap og passerer mange små og store gardar og ein del bustadhus, men etter kvart blir det skog og audemark fram til Uvdal.

Frå enden av Uvdalsvegen, ved Tveiten, går ein skogsveg med bom vidare innover i Uvdalsheia til Sandstultjønna, Svarttjønn og Sandstul. Her møter han og Sandstulvegen.

Laurdag 23. juli 2016 braut det ut brann etter lynnedslag på Uvdal. Låven, dei to stabbura og eit bustadhus i sveitserstil blei flammanes rov, mens hovudhuset blei redda. Det eine stabburet som gjekk tapt blei bygd før Svartedauden. Det var tidfesta av Riksantikvaren til år 1325 og var freda. Det andre var frå før 1858. Den 70 m lange låven skal ha vore ein av de største av sitt slag i Telemark.

Kjelder


Koordinater: 59.38264° N 9.04123° Ø