Varden (avis): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Linje 35: Linje 35:
[[Kategori:Etableringer i 1874]]
[[Kategori:Etableringer i 1874]]
[[Kategori:Aviser]]
[[Kategori:Aviser]]
[[Kategori:Skien kommune]]

Sideversjonen fra 26. sep. 2017 kl. 11:38

Varden er ei avis som blir utgitt i Telemark med hovudkontor i Prinsessegata i Skien. Avisa blei grunnlagd i 1874. I 1887 blei den overtatt av Chr. Pedersen (fødd 1858 i Skien, død 1936). Fram til 1888 blei Varden utgitt to gonger i veka, deretter tre gonger i veka, før avisa blei dagblad i 1895. I 1918 ble avisa solgt til eit aksjeselskap. Pedersen mottok Kongens fortjenstmedalje i gull.[1]

I dag har avisa lokalkontor i Porsgrunn, Kragerø, og Notodden.

Varden blei presentert på internett fyrste gong i 1997, og var den fyrste av dei store annonseberande avisene i landet som gjekk over til tabloidformat. Dette skjedde i 2001.

Avisa var opprinnelig ei Venstre-avis, men frå innlemminga av Fylkesavisen i 1950-åra blei den meir orientert mot partiet Høyre. Partitilknytninga har dei seinare åra blitt svakere, og Varden ses på som ei partipolitisk uavhengig avis i dag.

Varden blei i 1994 solgt til Orkla Media, og var ei av fleire aviser som 28. juni 2006 blei solgt til det britiske medieselskapet Mecom (som samstundes endra namnet til Edda Media). I 2012 blei Mecom kjøpt av A-pressen, som etter oppkjøpet endra namn til Amedia. 4. januar 2013 overtok Agderposten eigarskapet i Varden.[2]

Ansvarlege redaktørar[3]

Eksterne lenker

Referansar

  1. Varden, 8. februar 1936.
  2. Agderposten overtar Varden - Amedia (5. oktober 2012)
  3. Truls E. Nordby: Varden - fra fjord og fjell gjennom 125 år (Forlaget Grenland 1999)