Vatnedalen (Bykle gnr 6): Forskjell mellom sideversjoner

m
ingen redigeringsforklaring
mIngen redigeringsforklaring
Linje 35: Linje 35:
Landskylda gjer heller ikkje stort til eller frå når det gjeld å avgjera alderen på garden, men lat det for ordens skuld likevel vera nemnt at den eldste kjende skyldsatsen var på 6 kalveskinn (= 2 geiteskinn = 1/2 hud). I 1838 vart dette omrekna til 1 dalar 2 ort, medan 1886-skylda vart sett til 241 øre, eller 2 mark 41 øre, om ein vil.  

Alderen på busetnaden lyt då fastsetjast ut i frå alderen på eldste skriftlege kjelde, men på det omkvervet er me for denne garden så heldige å ha eit diplom som er så gamalt som 1479. Dette brevet er eit skøyte som fortel at ein Asbjørn Helgesson det året selde halve Vatnedalen og halve Hoslemo til Bjørn Jonsson. Kven Asbjørn Helgesson var er ukjent, men me meiner at Bjørn Jonsson budde i [[Byklum (Bykle gnr 14)|Byklum]], og det står litt meir om han i kapittelet om den garden. Innhaldet i dokumentet fortel oss elles ikkje så mykje, men når ein gard er nemnd fyre år 1550, vil historikarane oppfatte det som ein sikker indikasjon på at han fanst til minst 200 år tidlegare, så me held fast på det me kom fram til i avsnittet om gardsnamnet ovanfor, at den eldste busetnaden her må vera eldre enn 1350 (jfr. Sandnes, Jørn og Helge Salvesen: Ødegårdstid i Norge, Oslo 1978).  
Alderen på busetnaden lyt då fastsetjast ut i frå alderen på eldste skriftlege kjelde, men på det omkvervet er me for denne garden så heldige å ha eit diplom som er så gamalt som 1479. Dette brevet er eit skøyte som fortel at ein Asbjørn Helgesson det året selde halve Vatnedalen og halve Hoslemo til Bjørn Jonsson. Kven Asbjørn Helgesson var er ukjent, men me meiner at Bjørn Jonsson budde i [[Byklum (Bykle gnr 14)|Byklum]], og det står litt meir om han i kapittelet om den garden. Innhaldet i dokumentet fortel oss elles ikkje så mykje, men når ein gard er nemnd fyre år 1550, vil historikarane oppfatte det som ein sikker indikasjon på at han fanst til minst 200 år tidlegare, så me held fast på det me kom fram til i avsnittet om gardsnamnet ovanfor, at den eldste busetnaden her må vera eldre enn 1350 (jfr. Sandnes, Jørn og Helge Salvesen: ''Ødegårdstid i Norge'', Oslo 1978).  

Etter kvart som tida gjekk vart det kløyvd ifrå ei rekkje med mindre bruk. Den fylgjande tabellen gjev eit oversyn over denne utviklinga.  
Etter kvart som tida gjekk vart det kløyvd ifrå ei rekkje med mindre bruk. Den fylgjande tabellen gjev eit oversyn over denne utviklinga.