Vestlandske Møbler: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 33: Linje 33:
Det var den eldste delen som vart skada då Vestlandske vart råka av brann igjen i 1970. Denne gongen kom ikkje brannen heilt ulageleg. Brannen gav bedriftsleiinga høve til å tenkje grunnleggande gjennom framtidig produksjonsstrategi. Vurderingane førde til at Vestlandske etter brannen kutta heilt ut dei gamle salongmøblane for å konsentrere seg om laminerte stolar. Det var Siesta-modellen, med ein del nyutvikla variantar, som vart basisen i produksjonen. Brannen fremja òg ei omlegging på ein annan måte. Det vart bygt ein hall på 1800 kvadratmeter, slik at store delar av produksjonen kunne samlast på ei flate. Suksessen med Siesta-stolen, og konsentrasjonen om laminatmøblar, gjorde ein rasjonell produksjon mogeleg. Bedrifta kunne, saman med teknisk ekspertise både lokalt og i landet elles, utvikle nye opplegg for mekanisert og automatisert produksjon. Blant anna vart det laga ein avansert laminatsplittemaskin, med assistanse av firmaet [[Industriservice]] i Sykkylven. Vestlandske fekk også utvikla den første lakkroboten for møbelindustrien hos [[Trallfa]] på [[Jæren]] i [[1974]].  

På denne måten kan ein seie at møbelprodusenten var med på både den første og den andre industrielle revolusjonen i norsk møbelindustrisoge. Den første kom i første halvdelen av dette hundreåret då nye møbelfabrikantar på landsbygda i Noreg fordomsfritt tok i bruk serieproduksjon i møbelframstillinga. I den andre revolusjonen vart den industrielle tankegangen støtta av tekniske nyvinningar som i delar av produksjonen tok over for den menneskelege arbeidskrafta. Denne revolusjonen var berre ei vidareføring av den første, og kom når økonomiske og tekniske ressursar tillet fabrikantane å ta dei fulle konsekvensane av den industrielle tankegangen. Begge desse teknologiske stega byggjer på produksjon av store tal like produkt eller halvfabrikata. Den tredje og førebels siste produksjonsrevolusjonen i møbelframstillinga kom med datateknologien og ei auka tilpasning til individuelle ønskje hos kundane. Det vart altså lagt til rette for skreddarsaum også i industriproduksjonen.  
{{thumb høyre|Vestlandske Møbler lakkrobot.jpg|Vestlandske fekk utvikla den første lakkroboten for møbelindustrien hos Trallfa på Jæren i 1974.}}På denne måten kan ein seie at møbelprodusenten var med på både den første og den andre industrielle revolusjonen i norsk møbelindustrisoge. Den første kom i første halvdelen av dette hundreåret då nye møbelfabrikantar på landsbygda i Noreg fordomsfritt tok i bruk serieproduksjon i møbelframstillinga. I den andre revolusjonen vart den industrielle tankegangen støtta av tekniske nyvinningar som i delar av produksjonen tok over for den menneskelege arbeidskrafta. Denne revolusjonen var berre ei vidareføring av den første, og kom når økonomiske og tekniske ressursar tillet fabrikantane å ta dei fulle konsekvensane av den industrielle tankegangen. Begge desse teknologiske stega byggjer på produksjon av store tal like produkt eller halvfabrikata. Den tredje og førebels siste produksjonsrevolusjonen i møbelframstillinga kom med datateknologien og ei auka tilpasning til individuelle ønskje hos kundane. Det vart altså lagt til rette for skreddarsaum også i industriproduksjonen.  

Vestlandske hadde lukkast betre enn dei fleste andre møbelbedrifter i den første og den andre fasa av den industrielle utviklinga, det var kanskje nett difor at ho ikkje kom godt nok med i den siste og avgjerande. Siesta-stolen fann stadig nye marknader og bedrifta kunne køyre etter kjende og velutvikla prinsipp i år etter år. Behovet for nytenking og omstilling  i produksjonen vart ikkje opplevd like presserande på Vestlandske som i ein del andre bedrifter som aldri fekk fram slike salsuksessar.

Veiledere, Administratorer
164 188

redigeringer