Vikeså

Vikeså er ein tettstad og administrasjonssenteret i Bjerkreim kommune i Rogaland. Med drygt 1000 innbyggjarar (2018) er meir enn ein tredjedel av de som bur i kommunen samla i Vikeså. Staden ligg ved E39 eit par mil sør for Ålgård og nord for Svelavatnet. Eit anna viktig vegsamband er riksveg 503 til Byrkjedal.

Flyfoto av Vikeså frå 1961.
Foto: Widerøe / Nasjonalbiblioteket

Namnet kjem truleg for norrønt vikir, eit eldre namn på Svelavatnet, kombinert med naturnemninga ås.

I FN-parken like sør for sentrum står ein bauta til minne om Annbjørn Gjedrem, som var den fyrste norske soldaten som fall under ein FN-operasjon. Bautaen vart reist i 1994, og i 2005 vart det òg reist åtte mindre bautaer til minne andre frå fylket som har miste livet i FN-teneste.

Litteratur og kjelder