Vinje kyrkje (Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vinje kyrkje.
Foto: Roy Olsen (2023).

Vinje kyrkje er ei lafta korskyrkje med om lag 225 plassar. Ho vart sett opp i 1796 på tufta til ei tidlegare stavkyrkje, truleg frå siste halvdel av 1100-talet. Det var kunstnaren og byggmeisteren Jarand Rønjom frå Åmotsdal som fekk i oppdrag å teikne og byggje kyrkja. Han hadde kort tid i forvegen sett opp ei ny kyrkje i heimbygda.

Altertavla vart måla i 1932 av kunstmålar Henrik Sørensen, og Dagfin Werenskiold har skore ut symbola på kyrkjebenkane. Orgelet har ti stemmer og vart bygd av Marcussen & Søn i 1988. Kyrkja har to klokker.

Kilder

  • Norske kirker: Vinje kirke
  • Riksantikvaren: Kirkesteder_Telemark.pdf. Middelalderske kirkesteder i Telemark fylke, Vinje (hovedkirke), s. 121. (2016)
  • Wikipedia: Vinje kirke (Telemark)


Koordinater: 59,61933° N 7,84315° Ø