Vinterfiskje frå Synesvågen: Forskjell mellom sideversjoner

m (Biletlenkjer)
 
(16 mellomliggende versjoner av 4 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>
{{thumb|Vigra Synesvågen 1908 .png|Vigra Synesvågen 1908}}
'''[[Vinterfiskje frå Synesvågen|Vinterfiskja, eller vårtorskefiskja]]''', på sunnmørskysten gjekk før 1900 mykje føre seg frå opne ro- og seglbåtar frå ytterøyane mot havet.

{{thumb|Vigra Synesvågen 1908 .png|Vigra Synesvågen 1908}} {{thumb|Kart over Vigra 1869 GM.png|Vigra kart 1869}} {{thumb|Øyahamna med tre fiskebåtar AMUn-001.1695.jpg|Kutterar som kom med i vinterfiskje frå 1906 til 1909. Austefjord Museum}}  {{thumb|AMU-0033 03.jpg|Modell av to ca. 35 fots kutterar til kystfiskje mellom 1905 og 1910. Austefjord Museum}} {{thumb|AMU-0032 07.jpg|Oline, ein oppborda seksring med dekk og gaffelrigg. Austefjord Museum}} {{thumb|AMU-0034 09.jpg|Barmann, ein spisstemna sunnmørsbåt med dekk. Austefjord Museum}} {{thumb|Segleaattring1.jpg|Segleaattring1}}{{thumb|Olsvikseksringen 1.jpg|Olsvikseksringen}} {{thumb|Fjørefar teikna av Hans Strøm.jpg|Fjørefar teikna av Hans Strøm}}
'''Synesvågen''' {{koord|62.5418127|N|6.0174135|Ø}} er ein sørvend våg på sørenden av øya Vigra i Giske kommune på Sunnmøre. Vågen er sikker hamn for båtar som ikkje stikk for djupt og er, langt bakover i tid, nytta av fjordafolket som opphaldstad i vinterfiskje.  

{{thumb|Kart over Vigra 1869 GM.png|Vigra kart 1869}}
Synesvågen ligg med kortast mogeleg veg til fiskefelta, men er grunn og gikk gradvis ut av bruk når båtane endra form og størrelse. Med motor i båtane minka og behovet for nærleik til fiskefelta.

Synesvågen ligg med kortast mogeleg veg til fiskefelta, men er grunn og gikk gradvis ut av bruk når båtane endra form og størrelse. Med motor i båtane minka og behovet for nærleik til fiskefelta.
''Ta opp [http://www.norgeskart.no Norgeskart] på skjermen > Trykk Meny (tre liggande strek oppe, venstre) > Trykk BAKGRUNNSKART, velg Sjøkart > Trykk X oppe, høgre i meny > Søk Synesvågen i søkefelt oppe, venstre > Scroll kartstørrelse. Så fyl du sunnmøringen på tur ut mellom båar/bodar og skjær…. «ut og vest i Kari-havet».
Vil du sjå steinvorar og gamle tufter i vågen tek du i bruk flyfoto i same kart.''

==Tider og reiskapar i endring==
==Tider og reiskapar i endring==
Ein setningar i bøker og lokale notat som forklarar endringane i kjend tid.
Ein del setningar i bøker og lokale notat som forklarar endringane i kjend tid.
 
Hans Geitvik: På Synesvågen leigde båtmannskapa rom i husa på gardane, på loft med køyer i fleire høgder, så brukte dei «bestestova» til opphaldsrom. Ofte var to mannskap i lag på eit stoveloft, 14 mann om det var to åttringar. Der vart tidvis tung luft i huset når kle skulle turkast og det andre tider var landlege grunna styggever.
Hans Geitvik: {{sitat| På Synesvågen leigde båtmannskapa rom i husa på gardane, på loft med køyer i fleire høgder, så brukte dei «bestestova» til opphaldsrom. Ofte var to mannskap i lag på eit stoveloft, 14 mann om det var to åttringar. Der vart tidvis tung luft i huset når kle skulle turkast og det andre tider var landlege grunna styggever.}}

Ola Årsetøy: I 1907 fekk eg for fyrste gong vere med han far i vinterfiskje. Dei hadde Synesvågen på Vigra som basis, og for å halde meg til det eg veit visst so vert det der eg tek seinare samanlikningar. Det var den vinteren 3 motorbåtar og 30 siglarar og tilhøva var truleg dei same andre stadar også. Det var få motorbåtar å sjå på havet mot alle siglarane. I 1915 var der 45 motorbåtar og ingen siglarar på Synes-vågen.
Ola Årsetøy: {{sitat| I 1907 fekk eg for fyrste gong vere med han far i vinterfiskje. Dei hadde Synesvågen på Vigra som basis, og for å halde meg til det eg veit visst so vert det der eg tek seinare samanlikningar. Det var den vinteren 3 motorbåtar og 30 siglarar og tilhøva var truleg dei same andre stadar også. Det var få motorbåtar å sjå på havet mot alle siglarane. I 1915 var der 45 motorbåtar og ingen siglarar på Synes-vågen. }}
 
</onlyinclude>
Båtane som fekk motor var for det meste nybyggde, eller nesten nye, kutterar på 30 - 42 fot. Båthistoriane frå 1905 - 1910 seier at mange av kutterane var brukte som seglarar fyrste ein eller to sesongane. Dei vart for tungvinte å bruke i stilt ver. Så vart det sett inn motor. Det vart og sett motor i ein del av dei ombyggde robåtane. Saumen, klinkenaglane, synte seg å vere for veik for dei enkel-sylindra motorane. Dunk, dunk, dunk strekkte saumen. Ein fekk lekkasjar, og båtane enda på ein naustvegg eller som energirik ved under barkekaret.
{{thumb|Øyahamna med tre fiskebåtar AMUn-001.1695.jpg|Kutterar som kom med i vinterfiskje frå 1906 til 1909. Austefjord Museum}} 
{{thumb|AMU-0033 03.jpg|Modell av to ca. 35 fots kutterar til kystfiskje mellom 1905 og 1910. Austefjord Museum}}
{{thumb|AMU-0032 07.jpg|Oline, ein oppborda seksring med dekk og gaffelrigg. Austefjord Museum}}
Båtane som fekk motor var for det meste nybygde, eller nesten nye, [[kutter]]ar på 30 - 42 fot. Båthistoriene frå 1905-1910 seier at mange av kutterane var brukte som seglarar fyrste ein eller to sesongane. Dei vart for tungvinte å bruke i stilt ver. Så vart det sett inn motor. Det vart og sett motor i ein del av dei ombyggde robåtane. Saumen, klinkenaglane, synte seg å vere for veik for dei enkel-sylindra motorane. Dunk, dunk, dunk strekte saumen. Ein fekk lekkasjar, og båtane enda på ein naustvegg eller som energirik ved under barkekaret.

Forrige skifte var frå 1890 og nokre få år fram i tid. Seksringane og åttringane vart borda opp med eitt omfar og lagt dekk i. Omlegging til bruk av gaffelrigg var i full gang og vart nok fullført saman med ombygging til dekksbåtar.  

Linje 24: Linje 34:
Ein finn og at sume brukte mindre båtar som oppborda trerøringar og færingar. Med grunn at ein ikkje kunne ha båt liggande ute og at den alltid måtte dragast på land.  
Ein finn og at sume brukte mindre båtar som oppborda trerøringar og færingar. Med grunn at ein ikkje kunne ha båt liggande ute og at den alltid måtte dragast på land.  

Ein stor del av båtane langt tilbake i tid er byggde i Volda kommune, tyngda av dette att kjem frå Bjørkedalen. Her har dei klart å halde skogen i passeleg drift for tilpassa årleg uttak til båtbygging. På denne måten har og jamn kunnskap om båtbygging fått leve gjenom hundreåra. Nærare sjøen har konge og kyrkje snauhoggd med ujamne mellomrom. Eit døme på dette er rundt 1850 ved bygging av ny kyrkje i Volda. Då vart, i Austefjorden, hoggd på kyrkja sin eigedom 6000 furetre på Fyrde og nye 6000 furetre på Mån, Eide og Hjellane. Etter dette vart det byggd ein åttring på Fyrde til eige bruk. Dette var siste store båten på lang tid frå området. Kunnskap om båtbygging fylgde folk som flytta på seg, men ein må ha noko å byggje av.
Ein stor del av båtane langt tilbake i tid er byggde i Volda kommune, tyngda av dette att kjem frå [[Bjørkedalen]]. Her har dei klart å halde skogen i passeleg drift for tilpassa årleg uttak til båtbygging. På denne måten har og jamn kunnskap om båtbygging fått leve gjennom hundreåra. Nærare sjøen har konge og kyrkje snauhogd med ujamne mellomrom. Eit døme på dette er rundt 1850 ved bygging av ny kyrkje i Volda. Då vart, i Austefjorden, hogd på kyrkja sin eigedom 6000 furetre på Fyrde og nye 6000 furetre på Mån, Eide og Hjellane. Etter dette vart det bygd ein åttring på Fyrde til eige bruk. Dette var siste store båten på lang tid frå området. Kunnskap om båtbygging fylgde folk som flytta på seg, men ein må ha noko å byggje av.

Kor nær land torsken kom på si vandring var så ymse. ''Karl K. Blindheim: Det kunne variere nokså mykje kor langt inn torsken kom. Enkelte år kom fisken innom Erkna. Då hadde dei kort veg til fiskefeltet. Men enkelte år kom ikkje fisken over jupet, så dei måtte utpå Mebotnen for å fiske. Dette var 5 - 6 mil frå utrorsplassen (Synesvågen), med hard roing tok det 6-7 timar kvar veg. Var det lagleg ver hende det dei overnatta og lasta opp båten dagen etter. Dette var eit barskt liv. Så det vart berre gjort når det var gode forhold for det.''
Kor nær land torsken kom på si vandring var så ymse. Karl K. Blindheim: {{sitat| Det kunne variere nokså mykje kor langt inn torsken kom. Enkelte år kom fisken innom Erkna. Då hadde dei kort veg til fiskefeltet. Men enkelte år kom ikkje fisken over jupet, så dei måtte utpå Mebotnen for å fiske. Dette var 5 - 6 mil frå utrorsplassen (Synesvågen), med hard roing tok det 6-7 timar kvar veg. Var det lagleg ver hende det dei overnatta og lasta opp båten dagen etter. Dette var eit barskt liv. Så det vart berre gjort når det var gode forhold for det. }}

==Fyrstereisgut, Petter Britanus Eliasson Mek  (1876 – 1966)==
==Fyrstereisgut, Petter Britanus Eliasson Mek  (1876 – 1966)==
Til Synesvågen fyl vi ein fyrstereisgut eitt av siste åra det vart brukt åpen båt. Petter Britanus Eliasson Mek (PM, 1876 – 1966, BsV2 s. 238) fortel på lydband om fyrste fiskja han 14 år gamal er med faren på åttring, vinteren 1890 – 1891. Ein skøyter på med andre lokale kjelder ved behov.
Til Synesvågen fyl vi ein fyrstereisgut eitt av siste åra det vart brukt åpen båt. Petter Britanus Eliasson Mek (PM, 1876 – 1966, BsV2 s. 238) fortel på lydband om fyrste fiskja han 14 år gamal er med faren på åttring, vinteren 1890–1891. Ein skøyter på med andre lokale kjelder ved behov.

Ta opp Norgeskart på skjermen > Trykk Meny (tre liggande strek oppe, venstre) > Trykk BAKGRUNNSKART, velg Sjøkart > Trykk X oppe, høgre i meny > Søk Synesvågen i søkefelt oppe, venstre > Scroll kartstørrelse. Så fyl du Petter på tur ut mellom båar/bodar og skjær…. «ut og vest i Kari-havet».
===Båten og det ein finn om rigg===  
Vil du sjå steinvorar og gamle tufter i vågen tek du i bruk flyfoto i same kart.
{{thumb|AMU-0034 09.jpg|Barmann, ein spisstemna sunnmørsbåt med dekk. Austefjord Museum}}
 
{{thumb|Segleaattring1.jpg|Segleaattring1}}{{thumb|Olsvikseksringen 1.jpg|Olsvikseksringen}}
===Båten og det ein finn om rigg===
{{thumb|Fjørefar teikna av Hans Strøm.jpg|Fjørefar teikna av Hans Strøm}}
Båten er ein '''åttring, 28-alning'''. Lengda er oppgitt i båtalner = 0,55 m. Båtalner er målt etter ripa, til stamnane. Reknar ein breidd 1/3 lengd er båten tilnerma 47 norske fot = 14,8 m (er den smalare er den dermed lenger. Ein er i nærleiken på total lengde).

Masta midt i båten er fokkemast. Framom masta er fokke. På seglet bak fokkemasta er ikkje brukt løybom/nedre bom, kanskje heller ikkje bom oppe. Med gaffel oppe er seglet eit «sjassesegl» (Ivar Åsen ordbok 1873 ''skjaasla'', at løbe hit og dit som i forvirring. Det passar bra på nedkant av seglet). Utan bom oppe heitte seglet ein «trehuk», det var tau i tre hjørner. Dei brukte «stav-bukkar» på segla ved kryssing opp mot vinden.  Åttringane hadde oftast to master der det på bakmasta (ei trerøringsmast) til slutt vart brukt mesansegl, men lenge var det gamle «marineseglet» brukt. Ved full seglføring var det og brukt ein «færingsrigg» på eit «baugspyd». Då stod den vesle masta på/ved forstamnen. (Seksringen brukar ei mast, ein «åttringsrigg», same som største mast på åttringen. Ein gap kan då spørje kvifor dette ikkje vart kalla «seksringsrigg»).  
Masta midt i båten er fokkemast. Framom masta er fokke. På seglet bak fokkemasta er ikkje brukt løybom/nedre bom, kanskje heller ikkje bom oppe. Med gaffel oppe er seglet eit «sjassesegl» (Ivar Åsen ordbok 1873: «''skjaasla'', at løbe hit og dit som i forvirring». Det passar bra på nedkant av seglet). Utan bom oppe heitte seglet ein «trehuk», det var tau i tre hjørner. Dei brukte «stav-bukkar» på segla ved kryssing opp mot vinden.  Åttringane hadde oftast to master der det på bakmasta (ei trerøringsmast) til slutt vart brukt mesansegl, men lenge var det gamle «marineseglet» brukt. Ved full seglføring var det og brukt ein «færingsrigg» på eit «baugspyd». Då stod den vesle masta på/ved forstamnen. (Seksringen brukar ei mast, ein «åttringsrigg», same som største mast på åttringen. Ein kan då spørje kvifor dette ikkje vart kalla «seksringsrigg»).  

Overgangen frå råseglrigg til gaffelrigg, eller ein liknande konstruksjon, er nesten fullført. Det kom dekk i mange av desse båtane, oppgitt 1893, men lat oss seie 1890 og utover. Det har vore ein del eksperimentering med seglføringa og ein kastar ikkje det som er i orden og brukande.

===Petter, med båt året rundt===
===Petter og båt===
Petter eigde «Konsort», ein «møringsbygd» dekksbåt med åttringsrigg i 1900 i lag med Iver Aurstad (1870 – 1948) i Austefjorden. Petter hadde mor frå Aurstad, fleire eigarar på kvar båt var vanleg. I Austefjorden var sjøisen eit «meinbegse». Ved slik eigarskap var ofte naustet så langt ute i fjorden at dei slapp plaga med isen når dei skulle «i fiskja».

Petter vart i ung alder kvalfangar og kvalskyttar på [[«Nevada»._Kvalfangst_med_seglfartøy_i_Nordatlanteren|Nevada]] og andre Sunnmørsbåtar. Han sa seinare at det var han som oppdrog austefjordingane til kvalfangarar.

Linje 64: Linje 75:
Karane har kvar sine faste oppgåver i høve til segling.  I fiske og lossing er oppgåvene meir delte.
Karane har kvar sine faste oppgåver i høve til segling.  I fiske og lossing er oppgåvene meir delte.

''Kontroll i Merkeprotokoll for Synes og Synesvik Valgdistrikt: Elias Mek har dreve fiske frå Synesvågen frå 1889 til 1911, med untak av 1898 og 1901. Fangsten har variert frå 800 til 4800 torsk pr. fiskje. Han dreiv med ottringen til og med 1894. Frå 1895 kom han med dekka båt. I 1908 kom han med båt med motor. "Kampen". Mesteparten av tida brukte han rykk, men han forsøkte seg også med line og 1. år med 2 dorryer med rykk'' .
''Kontroll i Merkeprotokoll for Synes og Synesvik Valgdistrikt: Elias Mek har dreve fiske frå Synesvågen frå 1889 til 1911, med untak av 1898 og 1901. Fangsten har variert frå 800 til 4800 torsk pr. fiskje. Han dreiv med ottringen til og med 1894. Frå 1895 kom han med dekka båt. I 1908 kom han med båt med motor. «Kampen». Mesteparten av tida brukte han rykk, men han forsøkte seg også med line og 1. år med 2 dorryer med rykk'' .

===Klargjering og utstyr===
===Klargjering og utstyr===
{{thumb|AMU-0151 02.jpg|Torskerykk med lodd}}{{thumb|AMU-0151 04.jpg|Torskerykk}}
{{thumb|AMU-0151 02.jpg|Torskerykk med lodd}}{{thumb|AMU-0151 04.jpg|Torskerykk}}
Tida frå julehelga til kyndelsmess var ei travel tid. Kvar mann måtte ha utstyret i orden til utror.
Tida frå julehelga til kyndelsmess var ei travel tid. Kvar mann måtte ha utstyret i orden til utror.
Utstyr for kvar mann. Ei stor kiste med innehald: 200 flatbrødleivar, 50 lefser smurde med godt smør, flesk, morpøle, 1 pose kokemjøl, 2 esker smør med innhald 1,5 kg, ein del ost m. m. Ein sekk gangklede, ein sekk sengklede. Ei pakktønne kaker og diverse. Ein ambar brødgraut, ein holk surmjølk, ein holk syre. Eit nisteskrin og kanskje eit skrin for bestekleda, samt eit anker godt øl. Til slutt sjøvegn og skinnhyre.  
 
Utstyr for kvar mann. Ei stor kiste med innhald: 200 flatbrødleivar, 50 lefser smurde med godt smør, flesk, morpøle, 1 pose kokemjøl, 2 esker smør med innhald 1,5 kg, ein del ost m. m. Ein sekk gangklede, ein sekk sengklede. Ei pakktønne kaker og diverse. Ein ambar brødgraut, ein holk surmjølk, ein holk syre. Eit nisteskrin og kanskje eit skrin for bestekleda, samt eit anker godt øl. Til slutt sjøvegn og skinnhyre.  
Kvar hadde med eit halvt mål turr enkel-ved til bruk i huset og til omnen eller eldgryta for koking på båten.
Kvar hadde med eit halvt mål turr enkel-ved til bruk i huset og til omnen eller eldgryta for koking på båten.

Linje 80: Linje 92:

===Turen===
===Turen===
Mek-karane reiser til Vigra ved kyndelsmess (vanleg tid) då det er rykte om godt fiskje.  
Mek-karane reiser til Vigra ved kyndelsmess (vanleg tid) då det er rykte om godt fiskje. Etter lossing av utstyr fer dei inn i Vågen (må vere Fosnavåg) og kjøper 30 tønner salt og set fram i naustet.
Etter lossing av utstyr fer dei inn i Vågen (må vere Fosnavåg) og kjøper 30 tønner salt og set fram i naustet.

Så kjem fisket i gang og karane får no «læta ut o kroppi» (latskapen ut av kroppen). Både å ro i timevis med dei tunge årane og å bruke handsnøre med dei tunge «toskerykkane» lange dagar var knallhart arbeid dei dagane det var sjøver.

Linje 101: Linje 112:
Overnatte på feltet, «utelege», var annakvar natt når fisken beit og veret var akseptabelt. Oftast låg ein på Silstøbotnen/Sildestøbotnen {{koord|62.5396976|N|5.6886941|Ø}}. Om det rauk opp med sydvest hadde ein god landkjenning på Kvalsboden og Oddeboden for å ta seg sikkert inn på Synesvågen.

Mek-karane hadde ein presening som passa frå framstamnen til fokkemastre. Denne la ein over torskedungen. Så la ein seg «rund» på seglet og fiskedungen og drog eit anna segl over karane. «Å leggje sej ronde» er å legge seg med alle klede på. «D æ kaldsnækje på sjønå vetra/vintra dag» sa dei.  
Mek-karane hadde ein presenning som passa frå framstamnen til fokkemastre. Denne la ein over torskedungen. Så la ein seg «rund» på seglet og fiskedungen og drog eit anna segl over karane. «Å leggje sej ronde» er å legge seg med alle klede på. «D æ kaldsnækje på sjønå vetra/vintra dag» sa dei.  

Ein heldt vakt, og han trampa og «banka flokje» så det «va kje blond å få».
Ein heldt vakt, og han trampa og «banka flokje» så det «va kje blond å få».
Linje 110: Linje 121:
Så byrja det å gå rykte om at båtane hadde vore på sjøen heile tida, både frå Fosnavågen, Lepsøya og Nordøyane. Berre i eit avgrensa område rauk sjøen kvar dag.
Så byrja det å gå rykte om at båtane hadde vore på sjøen heile tida, både frå Fosnavågen, Lepsøya og Nordøyane. Berre i eit avgrensa område rauk sjøen kvar dag.

Petter: «Ein dag besemte han far og ein Rebbe frå Morsund seg for å gå ut. Med to riv i storseglet og to riv i fokka barst det utover. Vi sette «stavbukkar» på segla for å kome oss vest av Fausken. Der let vi oss drive til nord i Neteskallen og fekk godt med fisk. No gav det seg endeleg med uveret.
Petter:{{sitat| «Ein dag besemte han far og ein Rebbe frå Morsund seg for å gå ut. Med to riv i storseglet og to riv i fokka barst det utover. Vi sette «stavbukkar» på segla for å kome oss vest av Fausken. Der let vi oss drive til nord i Neteskallen og fekk godt med fisk. No gav det seg endeleg med uveret.

Ut gjennom februar kunne vi drage opp i 1000 fisk på ein dag når den beit godt. Den stod rundt oss frå 12 til 40 famners djupte. Beste månaden dette året landa vi 12 000 torsk.  
Ut gjennom februar kunne vi drage opp i 1000 fisk på ein dag når den beit godt. Den stod rundt oss frå 12 til 40 famners djupte. Beste månaden dette året landa vi 12 000 torsk.  
Linje 116: Linje 127:
Ein av desse hardaste dagane byrja han far å verte nokså arg på meg. Avtalen var at eg som var så ung skulle merkje fiskane eg drog og få betalt for mine fiskar. Ein rekna ikkje fyrstereisgutane sterke nok i kroppen til å arbeide likt med dei andre.  

Då byrja «Vosse-Knuten» fyrst å murre og så tok han ned i med han far at no fekk det vere nok. Guten skal ha lik lut med oss andre. Slik vart det. Eg var så kry at øyrene stod rett opp i høgde med sydvesten. Lut på mann dette året kr. 200.
Då byrja «Vosse-Knuten» fyrst å murre og så tok han ned i med han far at no fekk det vere nok. Guten skal ha lik lut med oss andre. Slik vart det. Eg var så kry at øyrene stod rett opp i høgde med sydvesten. Lut på mann dette året kr. 200.}}

På feltet brukte karane den gamle, store, tunge «torskerykken» på fortaum og hampesnøre. På båtripa sette kvar mann ei «sute» (sute var fyrst ein stokk som snøret glei over meir som eit slitebelegg for ikkje å lage hakk i ripa.  Så kom der rull i sutene for snøre, tre – fire tomar brei. Breiare rullar heitte garnsuter). Så drog ein fisken inn og let den ligge i botnen av båten med unntak av «store sigleromet».  

Linje 157: Linje 168:
Heimatt gjekk det unna. Fyrst til gards kom dei halvvaksne gutane som gjekk og vona på å kome på sjøen snart. Smilet rakk nesten heilt rundt hovudet, i alle fall oppunder øyrene. Så kom «kjeringane»/dei vaksne damene til tuns att. «Dei øja å bar sej noke so aldeles forferdele, å lova på atte dei aldre skolle ti kjirkje me disse galne karanje meir».

==Statistikk og «synsing»==
Det var mykje folk som deltok. Døme frå statistikk Vårtorskefiskja, Sunnmøre 1891 - 1895, snitt: 186 båtar, 58 skøyter og 7182 mann.
Så kan kommenterast "foruten kvinner og born", for:
- fiskarane skulle utrustast til fiskja. - ved opne båtar måtte fiskarane i hus for seng og mat. - fisken skulle foredlast etter den kom på land. Arbeid med mat, kle, spinning og veving (til dømes segl), og stelle fisk var ofte familieføretak.

Båtane frå fjordbygdene var laga og utrusta til dette sesongfiskeriet og stod på land resten av året. Ein båt si levetid var kanskje 20 år på det meste. Sjøbruken var hard med båten. Å «berge båt» ved lossing i fjøra på yttersida i dårleg ver var eit krevjande arbeid som lett gav skadar.

==Nokre opplysingar for dei som ikkje likar å lese heile bøker==
==Nokre opplysingar for dei som brukar bøker som oppslagsverk==
Bjarne Rabben: Fiskarsoge for Sunnmøre og Romsdal:
Bjarne Rabben: Fiskarsoge for Sunnmøre og Romsdal:

Linje 220: Linje 237:
Bilde: Godøy Kjerringtindane mot Ålesund OEH.JPG| Godøy Kjerringtindane mot Ålesund
Bilde: Godøy Kjerringtindane mot Ålesund OEH.JPG| Godøy Kjerringtindane mot Ålesund
Bilde: Godøy Kjerringtindane mot Vigra Giske 1 OEH.JPG| Godøy Kjerringtindane mot Vigra Giske Aalesunds Museum
Bilde: Godøy Kjerringtindane mot Vigra Giske 1 OEH.JPG| Godøy Kjerringtindane mot Vigra Giske Aalesunds Museum

Bilde: Gamlemselva mot Vigra 1 OEH .JPG| Gamlemselva mot Vigra
Bilde: Gamlemselva mot Vigra 1 OEH .JPG| Gamlemselva mot Vigra
Bilde: Gamlemselva mot Vigra 2 OEH .JPG| Gamlemselva mot Vigra
Bilde: Gamlemselva mot Vigra 2 OEH .JPG| Gamlemselva mot Vigra
Bilde: Gamlemselva mot Vigra 3 OEH .JPG| Gamlemselva mot Vigra
Bilde: Gamlemselva mot Vigra 3 OEH .JPG| Gamlemselva mot Vigra
Bilde: Fra_Valder%C3%B8_mod_Vigra_-_no-nb_digifoto_20160311_00225_bldsa_NGU0028.jpg|Fra Valderøy mot Vigra
</gallery>
</gallery>

Linje 242: Linje 261:

==Eksterne lenkjer==  
==Eksterne lenkjer==  
*[https://www.nb.no/items/96ad1b959c1e5bc432a486a26f21f976?page=1&searchText=Harham%20et%20eksempel%20fra%20fiskeridistriktene%20Eilert%20Sundt |Eilert Sundt: Harham et eksempel fra fiskeridistriktene]
*[https://www.nb.no/items/96ad1b959c1e5bc432a486a26f21f976?page=1&searchText=Harham%20et%20eksempel%20fra%20fiskeridistriktene%20Eilert%20Sundt  
*[https://www.nb.no/items/e690600ef3a7aac97e1c12b624c42aec?page=0&searchText=Bjarne%20Rabben%20Fiskarsoge%20for%20Sunnm%C3%B8re |Bjarne Rabben: Folk ved havet. Fiskarsoge for Sunnmøre og Romsdal]
Eilert Sundt: Harham et eksempel fra fiskeridistriktene]
*[https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2011091606006 |Harald B. Haram: Mitt folk ved havet] Boka er registrert, ikkje scanna, ved Nasjonalbiblioteket. Du kan låne den på biblioteket
*[https://www.nb.no/items/e690600ef3a7aac97e1c12b624c42aec?page=0&searchText=Bjarne%20Rabben%20Fiskarsoge%20for%20Sunnm%C3%B8re Bjarne Rabben: Folk ved havet. Fiskarsoge for Sunnmøre og Romsdal]
*[https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2011091606006 Harald B. Haram: Mitt folk ved havet] Boka er registrert, ikkje scanna, ved Nasjonalbiblioteket. Du kan låne den på biblioteket

==Kjelder==  
==Kjelder==  
Linje 258: Linje 278:
*Busetnadssoga for Volda, band 1, 2 og 3, Arnfinn Kjelland…. BsV(nr/side) Her finn ein opplysingar om dei identifiserbare personane  
*Busetnadssoga for Volda, band 1, 2 og 3, Arnfinn Kjelland…. BsV(nr/side) Her finn ein opplysingar om dei identifiserbare personane  
*Voldasoga, band 1, 2 og 3, Per Årviknes. Personane her og, men her er meir omfattande soger for tuna der kunnskap om båt og naust er med  
*Voldasoga, band 1, 2 og 3, Per Årviknes. Personane her og, men her er meir omfattande soger for tuna der kunnskap om båt og naust er med  
*Gunnar Morsund. Stover og statistikk
*[[Bruker: Oddvar Høydalsvik|Høydalsvik, Oddvar E.]] f. 1951. Har høyrt på «besta»/bestemor Nille i Djuvika som liten. Har grave vidare etter informasjon seinare
*[[Bruker: Oddvar Høydalsvik|Høydalsvik, Oddvar E.]] f. 1951. Har høyrt på «besta»/bestemor Nille i Djuvika som liten. Har grave vidare etter informasjon seinare
 
[[Kategori:Fiske]]
 
[[Kategori:Kystkultur]]
 
[[Kategori:Austefjord Museumslag]]
[[Kategori:Austefjord Museumslag]]
[[Kategori:Volda kommune]]
[[Kategori:Volda kommune]]
[[Kategori:Giske kommune]]
[[Kategori:Giske kommune]]
[[Kategori:Næringsliv]]
{{F1}}
[[Kategori:Fiske]]
{{nn}}{{Opprydding}}
[[Kategori:Sjøbruk]]
[[Kategori:Kystkultur]]
{{nn}}